fredag 22. april 2016

The more I ignore you, the closer you get

For ikkje så lenge sidan fekk eg spørsmål om kven eg likte best; Morrissey, eller The Smiths.

"The Smiths," svara eg kontant og skråsikkert.

Sidan det har eg omtrent berre høyrt på Morrissey.

Morrissey er ein slu fyr. For om du, som meg, først høyrer på The Smiths, så kan du risikere å ende opp med ein litt sånn "æææææ"-reaksjon på Morrissey som soloartist. Tekstane er framleis dei same fantastiske, men musikken var ... annaleis. Litt for annaleis for meg.

Trudde eg.

Nokre sangar traff med ein gong. "Let me kiss you", for eksempel. Den tok sånn eit halvt vers før eg var heilt solgt. Samme med "Irish blood, English heart".

Andre likte eg ikkje i det heile tatt. Som "Maladjusted", som liksom skulle vere ein av dei store. Eller "Suedehead", som visstnok også stiller i den kategorien.

Så etter nokre dagar der eg hadde utforska solo-utgivelsane til Morrissey var eg eigentleg heilt sikker på at eg framleis kom til å like The Smiths best.

... det tek eit stort menneske for å innrømme at ein har teke feil, sant?

Det byrja å gå gale då eg snubla meg utpå youtube. Eg hadde jo snusa litt på gamle Smiths-klipp, og var mildt sagt nyskjerrig på om 40something Morrissey var den same på scena som 20something Morrissey.

Det skulle forferdelig lite til før eg var sjarmert. På alle tenkjelege måtar.



Feil og manglar og trakking i salaten til tross; eg var fullstending sjarmert. Og av ein eller annan grunn så vart sangane betre etter at eg høyrte dei live.

Men eg var framleis ikkje heilt solgt på alt. Lista over favorittar vart rett nok litt lenger. "Don't make fun of daddy's voice" sneik seg innpå meg. "Everyday is like Sunday" kom også krypande. Og ikkje minst "Speedway".

Men eg likte framleis The Smiths best altså!

Og eg kom i alle fall aldri til å få dreisen på "I'm throwing my arms around Paris". Nope, nix, nu'uh ...

... bortsettfrå at nokre dager etterpå så gjekk eg å sang på den av full hals.

Det var igrunn etter det at eg gav opp. Innsåg at eg hadde tapt. Å freiste å stå imot var håplaust. Samme kor sta eg var på slik og sånn og ditt og datt, så hjalp det ikkje.

"That's how people grow up." "You have killed me." For ikkje å snakke om "I've changed my plea to guilty" og "Alma Matters". Og no i det siste; "Ouiji board, ouiji board", "Hairdresser on fire" og "Glamorous glue".

For å sitere Parvati Patil; arm, leg, I'm yours.

... altså, misforstå meg rett. Eg er ikkje så sjarmert i senk at eg plutselig har blitt tonedøv, eller mista all evne til å ha eigne meiningar. Det var berre denne musikken sneik seg skikkelig innpå meg, og eg såg det verkeleg ikkje kome før eg sat der med Morrissey til langt over øyrene.

Som han sjølv syng

Og for the record; no elsker eg både 'Malajusted' og 'Suedehead'.

Så her sitt eg. Og her har eg tenkt å bli sittande ei stund. Med mindre det dukker opp nokon som er ENDA betre til å skrive tekstar, og sette ord dei tinga han sett ord på slik han gjer. Og skal eg vere heilt ærlig så tviler eg sterkt på at ein slik dukker opp. Sånn heilt objektivt sett.

Men det er greit det. Han har igrunn sagt det best sjølv her også



tirsdag 19. april 2016

Takk

Å sove på mandagar har blitt nesten umogeleg.

Men det er ikkje negativt, eigentleg. Eg sit berre att med så mange tankar kvar gong eg ser "Jeg mot meg" at eg ikkje klarer å sortere dei.

Første først; "Jeg mot meg" er fantastisk! Muligens det aller beste som nokon gong har blitt laga.

Altså, det gjer vondt langt, langt inni hjarterota kvar einaste episode. Men tusen takk for at dykk deler. Tusen takk for at dykk er så smertefullt ærlige.

For det må snakkast om. Vi må snakke om kva depresjon og angst og andre psykiske lidelsar faktisk handler om. Vi må stikke hol i alle dei gamle ideane om kva det betyr. Om at vi som har det slik er slik og sånn, at vi ikkje klarer ditt og datt, at du kan sjå det på nokon, eller at "du kan ikkje vere deprimert, du er jo så smilande og blid heile tida".

Og samstundes er blir det heilt feil å kreve at vi som har det slik skal gjere det. Mange av oss har nok med oss sjølve, store deler av tida.

Men om verda rundt oss skal forstå ... om folk som ikkje kjenner på dette skal forstå, så må vi snakke om det. Vi som veit.

Eg er ikkje klar enno. Eg byrjer å bli det, men eg er det ikkje enno. Eg vil så gjerne sette ord på det, for no har eg faktisk ord å setje. Men eg ikkje klar enno.

Så tusen takk for at dykk er så modige! Tusen takk for at dykk viser heile Norge kva det vil seie, gir et innblikk. Tusen takk for at dykk tek det fyrste steget.

Tusen, tusen takk. 

lørdag 2. april 2016

Innfallsprinsippet

'Du skal ikkje dømme ei bok etter utsjånaden', heiter det så fint. Og eg er for så vidt einig.

Men på same tid så er eg ikkje heilt einig likavel.

Det finnast tre typar butikkar eg ikkje klarer å gå forbi;
  • garnbutikkar
  • bokhandlar
  • musikk/film-butikkar
Det speler inga rolle kor mykje garn eg har, eller kor mange skrivebøker eg har, eller at det ikkje er plass til ei einaste lita bok til i bokhylla. Eg berre må.

Eg elsker å traske rundt i slike butikkar og berre studere. Sikkert ofte til irritasjon for dei som jobber der. Ikkje det, eg ender som regel opp med å kjøpe noko, men eg kan bruke ganske lang tid på å lese bak på bøker, studere ulike pennar og skrivebøker, eller bla i platecover.

Eg hugser framleis, med stjerner i augene, den gedigne (etter sunnmørske forhold) bokbutikken eg var inne i det året eg var i London på sommerferie. Eg trur eg trakka rundt der i ein time, og når ho eine som jobba der etter litt kom bort og lurte på om "Can I help you find anything?", svara eg berre "No, just browsing" med verdas lukkelegaste smil.

... eg kom ut att med sånn sju-åtte bøker ...

Og når du går sånn, anten du er omgitt av bøker i allverdas sjangarar, filmar og TV-seriar, eller plater og CDar ... då berre må du dømme etter coveret. Det er jo halve morroa.

Å plukke opp ei bok som ser spanande ut, for så å snu den for å lese utdraget på baksida, rynke på nasen, riste på hovudet og sette den tilbake i hylla. Eller plukke fram ei lita, forholdsvis anonym bok, som ender opp med å vere noko av det beste du har lest.

Det same gjeld sjølvsagt for film. Anten det er ein skodespelar du liker, eller eit cover som ser spanande ut, eller noko som berre ... roper på deg. Denne skal du ha.

Og så er den kjempegod. Eller heilt steike elendig. Eller akkurat midt på treet.

Men det er ein ting med bøker og filmar. Der får du som regel ein slags indikator på korvidt dette er noko du kanskje kan like.

Med musikk er det noko heilt anna.

Det er når du står på platebutikk at Innfallsprinsippet verkeleg kjem til sin rett.

... det heiter 'platebutikk' i hovudet mitt no. Eg gjekk rundt i ganske mange år og syns at eg høyrdes horribelt pretensiøs ut om eg prøvde å kalle eit album for 'plate' i staden for 'cd' eller nettopp 'album'. Det var sånn faguttrykk som dei som kunne seg på sånt brukte.

Men no er det faktisk plater eg kjøper. Og det er faktisk platebutikk eg handler på. Så no er det plutselig greit.

Og etter ganske mange år der eg har kjøpt musikken min etter 'Høyrte den sangen på radio'-prinsippet ... og eigentleg kjøpt veldig lite musikk, fordi "Hallo, Spotify!" ... så er det utrulig gøy å kunne handle etter Innfallsprinsippet igjen.

... det har også ein tendens til å bli forferdeleg dyrt. Men det har mest med manglande sjølvkontroll å gjere.

UANSETT, det er som sagt i platebutikken at Innfallsprinsippet kjem til sin rett. For sjølv det står ein del band og artistar du har høyrt om rundt om i hyllene, så er ikkje det det same som at du har høyrt dei.

Du veit kanskje kven dei er, eller kan sånn vagt erindre at du har sett dei spele på Skavlan eller Graham Norton, utan at du egentlig hugser korleis dei høyrdes ut. Eller så har dei ein av favorittsangane dine, men du aner ikkje korleis resten av musikken høyrast ut.

Og det ekstra fantastiske (for min del) med platecover er at det ofte er minimalt med informasjon på dei. Er du heldig så står det knapt nok kva bandet heiter.

Og dei er større enn CD-cover, så kva enn slags cover dei har så får du på ein måte eit enda betre inntrykk av det. Som er ganske grunnlegjande om du skal handle etter Innfallsprinsippet.

Det er ganske nøyaktig fire månader sidan eg fekk platespeler. Då hadde eg for så vidt tjuvstarta samlinga mi med to nye plater (i tillegg til dei om lag 60 gamle, støvette og dårleg behandla platene frå loftet heime). Men etter at eg fekk speler har det stort sett berre gått ein veg.

Så, etter å ha gjort ei forholdsvis kort historie forferdeleg lang, her kjem nokre av dei beste impulskjøpa eg har gjort på lenge.

Pål Angelskår 
The cellar door was open, I could never stay away
... eg kan ikkje garantere at fargen på coveret ikkje har noko med saken å gjere. Men eg kan også svakt erindre å ha vore forholdsvis glad i Minor Majority ein gong i tida. Så kor tungt Innfallsprinsippet veg i dette tilfellet veit eg ikkje. 

Men eg hadde aldri høyrt på Pål Angelskår åleine før. Og det angrer eg forferdeleg på no, kjenner eg, for denne traff på første forsøk. Utrulig fin og finurlig, og ei slik plate som passer både som bakgrunnsmusikk, seint på kvelden som avkopling, og som du kan sette på før du legg deg på sofaen, let att augene og berre lytter

*

Sivert Høyem 
Lioness

UTRULIG kult cover!

Sivert Høyem er eigentleg ein mann eg har gått å tenkt på ganske lenge, og tenkt at han lager nok sånn musikk som eg heilt sikkert kan kome til å like veldig godt. Men av ein eller annan uforklarleg grunn har det blitt med tanken. Og eg har ikkje kome stort lenger enn at "Prisoner of the road" er ein av favorittsangane mine.

Heilt til siste vinyl-handleturen min før påske. Då vart denne med heim, og testa same kveld. Ikkje overaskande hadde eg rett, og dette var akkurat sånn musikk som eg liker.

*

Sondre Justad
Riv i hjertet
Sondre Justad kan eg med handa på hjartet seie at eg aldri hadde høyrt på før. Eg hadde sett eit halvt intervju med han, og merka meg at han verka som ein kul og morosam fyr. Og så har eg dei siste åra fått litt ekstra forkjærleik for folk som syng på norsk. 

Så når denne dukka opp så var det eit eller anna som berre sa "JA!". Og sidan eg har lært å stole på instinkta mine når det gjeld sånne ting, så var det igrunn avgjort. Eg har ikkje angra eit sekund. 

Denne er KJEMPEFIN, meir er det ikkje å seie om denne saken. Så no går eg berre og gler meg til Sommerfesten i år, der eg får høyrt han live.

*

 Adam Douglas 
I may never learn
Adam Douglas hadde eg høyrt om. På same måte som eg har høyrt om mange norske ("norske"?) artistar; Beat For Beat. Eg hugser verken når det var, eller kva han sang, men berre at han sang veldig fint og hvis eg snubla over han ein stad så skulle eg kjøpe plata.

Og det gjorde eg. Utan å vite verken kva sjanger det var eller noko. Eigentleg skulle eg argumentert med at mann med hatt på coveret umogeleg kan ha laga dårleg plate, men det fekk eg motbevist seinast forrige torsdag, så eg kan ikkje kreditere det innstinktet heller. 

Men det speler eigentleg inga rolle. For igjen; kjempefin! Spele høgt og synge med-fin.  

Dette er eigentleg berre eit utval. Men nok til å konstanterer at Innfallsprinsippet lev i beste velgåande. Anbefaler absolutt å handle musikk på den måten. Den kjensla når du sett på noko du absolutt ikkje veit kva er, og musikken berre treff rett i hjartet ... den må vere ein av dei beste i verda.

... anbefaler absolutt å kjøpe inn dei nevnte platene også, foresten.