fredag 30. oktober 2015

... åja det er fredag i dag ja

Det der med å ta opp at gamle tradisjonar går jo strålande ...

*trommevirvel*

Fredagsboka!

... eg skal vere ærleg. Eg hadde gløymt at det var noko som heiter 'fredagsboka'. Allereie. Så eg måtte innom nyttårsforsettet mitt for å sjå kva for ei eg skulle velge.

(det nyttårsforsettet har forøvrig utvida seg ganske kraftig sidan den posten, er omtrent 3 gonger så langt, og har framleis omtrent like mange kryss)

Og eg scrolla faktisk ikkje så veldig langt før det slo meg at "den ja!".

Eller rettere sagt; dei ja!

De fire og han som gjør galt verre - Hans Frederik Follestad

Fire kamerater fra lille Pelsheim får en dag sine begivenhetsløse liv snudd på hodet. Bambo Fohrtwo, Pepper Bihf, Salt Ehfan og Hutte Meg Tu får beskjed av noen magikere om at de må følge med til Nepal.
 

Den onde Lord Kor er klar for Krigen Som Ender Alle Kriger, og i følge boken "De Fire, Han Som Gjør Galt Verre og andre ting Generelt som kan redde oss fra Verdens Undergang og Lignende Tragedier" er De Fire de eneste som kan stå mellom Lord Kor og Lysets krefter.
 

Jesper Schtadig, Han Som Gjør Galt Verre, kommer også inn i begivenhetene, selv om ingen, Nepals magikere inkludert, helt vet hva han skal bidra med. Det mangler dessverre en del sider i den berømmelige boken. (X)




Eg hugser verkeleg ikkje kvifor eg kjøpte den første av desse bøkene. Har overhodet ikkje peiling i det heile teke. Men hjelpemeg så glad eg er for at eg gjorde det. 

"De fire ..." er ein trilogi; Begynnelsen, Fortsettelsen og Slutten. Namna på bøkene bør vere første teikn på at du kjem til å få deg ein god latter. Hvis ikkje, er det ikkje sikkert dette er bøkene for deg.

Det skal seiast med ein gong; eg er nok ikkje i målgruppa, aldersmessig. Men så har eg aldri trivast i mi eiga målgruppe, aldersmessig. Så eg verkeleg elska desse bøkene. 

Du skulle kanskje tru, ut frå den skildringa der oppe, at dette er reinspikka tull frå fyrste til siste side. Og du har på ein måte delvis rett. Men på den andre sida så er det steikje gode bøker også. Historia er både spanade og godt samansett, og samstundes så ler du så du rister innimellom. Namna åleine er neste grunn nok (gled deg til du møter oppfinnaren Hai Tekk). 

Det er nokre år sidan eg las desse bøkene, men eg har anbefalt dei varmt til alle heilt sidan. 

Og det gjer eg framleis.


onsdag 28. oktober 2015

Forelska

... nei, ikkje sånn forelska. Dessverre. Som vanlig.

Det slår meg at i det siste så har eg nytta uttrykket "forelska i musikken" forferdelig mange gonger.

(... i alle fall minst to)

Men det er eit uttrykk eg "alltid" har nytta. Stort sett på engelsk, men likavel. Eg snakker stadig om at eg har forelska meg i den og den artisten, eller det og det bandet. Og då meiner eg for ein (fleire) gongs skuld ikkje den faktiske artisten eller det faktiske bandet (sjølv om det hender det også, altså), men musikken deira.

Og når eg tenkjer meg om så er det akkurat slik det er når eg finn ny favorittmusikk; eg blir rett og slett litt forelska.

... tru meg, eg veit kva eg snakker om. Eg blir forelska lett som berre det, og alt for ofte. "No more crushes" av Number Seven Deli blir litt som å høyre på mi eiga dagbok, for meg.

Så difor veit eg akkurat kva eg snakker om når eg seier at eg blir forelska i musikk. For det artar seg litt på same måten.

Det starter gjerne med ein halv song ein stad. Radio, ei reklame på TV, eller siste resten når eg zappar forbi enda eit talk show eg ikkje vil sjå (eg er forferdelig kresen på sånt). Akkurat nok til at eg stopper opp, høyrer etter, merker meg navnet og legg det på minne til neste gong eg er innom Spotify.

Eller så tjuvstarter eg, og oppdager at folk eg allereie var ganske glad i faktisk er ganske flinke til å synge og (som Robert Downey Jr. eller Laurence Fox).

Men uansett så starter det alltid med den same kjensla. Den litt uforklarlige kjensla ein også har når ein blir forelska i ein person; ein veit ikkje alltid heilt kva det er (ikkje med det same), men noko berre treff.

Og så må du ha meir.

Av og til så oppdager du at du tok feil. Litt som du ofte fell for nokon med fint smil eller brune auge eller svart BMW (man har da vært fjortis), for så å oppdage, når du blir betre kjend med dei, at det omtrent berre var den eine tingen som var fristande. At det gjerne trengs litt meir enn tre takter (eller krølla hår) for å bygge eit langt og meiningsfullt forhold.

Andre gonger seier det pang. Og så sit du i saksa for life.

Når det gjeld personar, er dette overhodet ikkje ein fordel. Tru meg. Det einaste som er meir irriterande enn å forelske seg fortere enn folk flest trekk pusten, er når du aldri heilt klarer å legge frå deg desse forelskingane.

Men når det gjeld musikk så er det ei velsigning.

For uansett når du forelsker deg i musikk, så forblir du ofte forelska heile livet. Sjølv no, 19 år etter at eg spelte "As long as you love me" (og då snakker vi Backstreet Boys altså, ikkje sånn Bieber-tull) så mykje at eine bestevennina mi fekk kvalmefornemelsar berre ho høyrde første tonen, kan eg framleis trekkje på smilebandet når eg høyrer den. Eg hadde ikkje forelska meg i den i dag, hadde nok ikkje valgt den om eg berre kunne høyre på ein song resten av livet.

Men eg er litt glad i den enda, altså.

Det er det som er så fint med å forelske seg i musikk; du treng ikkje å kome deg over det. Det er ingen som ser deg i augene og alvorleg seier at "veit du ka, no he du vør Sondre Lerche-fan sia 2001, no e det overpåtide at du finne dej nokken andre".

Sondre Lerche var forøverig ein sånn "kjærleik ved første tone"-ting. Eg har skrive om det før, og tillet meg å sitere meg sjølv;

"Eller den gongen Sondre Lerche stod på scena under HitAwards på TV2. Alle andre hadde stilt med sceneshow av dimensjonar, playback og gudane veit kva. Sondre kom åleine med gitar, mikrofon, knall blå auge og sin heilt eigen koreografi. Eg var solgt."

Det er eg enno.

I det siste har eg oppdaga at eg har ein såkalla "tell", eit tegn som åtvarer mot at no, no er det i ferd med å hende igjen. Det hender når eg trykker på "play" fyrste gongen, og ordet "åh!" dett ut av meg før det har gått tre takter.

Det hende i mai i år. Det hende igjen for eit par veker sidan.

Og det er litt trist å seie det, men dei to gongane er dei første på lenge.

Eller, eg hadde eit kort og intenst forhold med Colour of bone i fjor haust. Vi treffast framleis av og til, og eg er framleis like glad i dei altså.

Men det er lenge sidan eg rett og slett slutta å finne favorittartistar over ein lav sko. Det var ikkje før no i sommer at det gjekk opp for meg kvifor.

Spotify.

Hersens fantastiske spotify.

For kva gjer du på Spotify? Jo, du høyrer ein fin sang ein plass. Og så leiter du opp akkurat den sangen på Spotify, og putter den inn i altmuligrart-spelelista di (mi heiter "Fine fine FINE sangane" og i skrivande stund har den 841 songar). Av og til lagrer du artisten, eller lager speleliste med alle sangane deira og tenkjer "den skal eg høyre på når eg får tid".

Eg får aldri tid lenger. Eg tek meg ikkje tid lenger.

Stereoanlegget mitt gjekk fyken om lag eit år eller to etter at eg flytta inn i leiligheta eg bur i no. Det gjekk fyken om lag samstundes som iTunes blei ei greie. Og sidan eg verken var særleg rik, eller hadde allverdas med plass, fann eg ut at å investere i nytt eigentleg var dumt. Eg hadde datamaskin, eg hadde iPod og eg hadde apple-konto.

Økonomisk, plassbesparande og så mykje meir praktisk fordi det var plass til UENDELEG med musikk på den iPod'en. Eg pakka vekk CDane mine, digitaliserte dei eg var aller mest glad i, og fekk plass til akvarium i staden.

Eg har eigentleg ikkje angra, før no i det siste.

No i det siste har eg verkeleg angra.

Det starta med GISKE-plata. Som eg allerie hadde kjøpt i iTunes og lytta til tre veker før eg kjøpte den i fysisk utgåve.

For somme ting må du berre ha, anten du har noko å spele dei på eller ikkje. Den einaste fungerande CD-speleren eg har no er i bilen. Og etter at eg øydela den første Robert Post CDen min ein haust eg pendla til Ørskog to dager i veka som vikarierande andre althorn (den fyrste og einaste gongen eg har spelt i meir enn eit korps i gongen), og dei dreiv med vegarbeid i Skjode med dertil humpette underlag, har eg lært at orginal-CDar ikkje skal i nærleiken av bilen ein gong.

(Enden på visa er at eg har to av Robert Post sin fyrste CD; ei signert utgåve (med øydelagt CD inni) som står til pynt, og ein usignert utgåve med CD som virker)

Uansett, "Carousel Magic Spell" er ein av veldig få CDar eg har kjøpt dei siste åra. Fordi eg ville ha den i hylla, ikkje berre på Mac'en.

Og det er fyrste gongen på veldig lenge at eg har vore i ein platebutikk. Utan CD-speler har det liksom ikkje vore vits. Og eg har rett nok vore innom Platekompaniet ein del gonger, men då har det vore filmar eller seriar som har stått på handlelista.

Men det var fyrste gongen på veldig lenge eg har vore i ein platebutikk.

Og hjelp som eg har sakna det.

Eg brukte å handle musikk litt etter det prinsippet ein ikkje skal handle bøker; åh, det coveret såg stilig ut!

Eg har veldig mange CDar eg traff blink med på denne måten.

Eg har også veldig mange som berre har blitt spelt ein gong.

Eg brukte å handle CDar etter stabelen. Eg brukte nesten å stå utanfor døra når det var ein CD på veg som eg gledde meg til.

Eg, som knapt nok sa eit pip til folk eg ikkje kjende frå eg var 11 til eg var 22, snakka ofte både mykje og lenge med dei som jobba i desse butikkane.

Eg kjøpte glatt CDar for ein song. Ofte høyrde eg berre på den, men ofte høyrde eg på fleire og oppdaga at det faktisk var opptil fleire som var fine.

Ei par dager etter at eg høyrde Live sin "Dolphin's cry" for fyrste gong kjøpte eg ALLE CDane deira.

Og ja, eg brukte forferdelig mykje penger på dette, men som eg sa då (og framleis kan seie no); ej verken røyke eller drikk, de e ditte ej bruka pengane mine på.

Og eg sakner det noko så innmari. Å gå å traske på platebutikk, bla i CDar, plukke med seg ein stabel bort til kassa og prøve å late som om det var heilt vanleg å kjøpe "Best of Britney Spears" og HIM sin "Razorblade Romance" i same slengen.

(eg har forøvrig ikkje slite ut verken den eine eller den andre)

Så no har eg teke ei skjefsavgjerd; no skal eg byrje å samle igjen.

Ikkje på filer, eller Spotify-spelelister, men på faktiske, fysiske CDar og plater. Og koste støv av kassa med CDar eg har stua vekke heime hjå mamma og pappa. Og berge LPane dei har liggande som ikkje har blitt spelt sidan nokon øydela arma på platespeleren til pappa då ho var lita.

(Eg meiner framleis det er hass eiga skuld når han er så blaut at han let niåringar leike med den)

Til jul i år treng eg strengt tatt penger. Eller fast jobb. Eller ny tørketrommel. Eller target spiss til Aalesund.

Men til jul i år ønsker eg meg platespeler. Gjerne nytt anlegg med heile pakka.

Og så får eg heller nytte romjula til å krangle med angsten min, og overbevise den om at det faktisk er heilt greit å gå på platebutikk å handle sjølv om ein knapt nok har lært seg å få plata ut av coveret utan å få fingeravtrykk på den.

For sjølv om eg har forelska meg i litt ny musikk i det siste, så kjenner eg at det på langt nær er nok. Og sidan musikk er det einaste eg har å forelske meg i for tida så har eg tenkt å gjere det så mykje eg berre makter.

mandag 26. oktober 2015

Må vi verkeleg velge kven vi skal bry oss om?

Facebook er ein særs opplysande stad for tida. Og slettes ikkje på ein god måte.

Eg blir heilt skremt av kva voksne (trudde eg), oppegåande (trudde eg) menneske kan ha ut av seg om andre menneske. Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt på nokon måte, men i lys av alle dei som er på flukt til Europa i desse tider har det blitt enda meir synlig.

At det går an å snakke slik om andre menneske! Det er ikkje kyr eller sauer vi blir "oversvømt" av. Det er menneske!

Det speler faktisk inga rolle kvifor dei kjem, heller. Kva motivasjonen deira er, eller korleis dei hadde det i det landet dei reiste frå.

DET ER SNAKK OM MENNESKE!

Eg vil ikkje vere med på at det skal vere greit med den ordbruken som har florert på Facebook den siste tida. At denne oss/dei-greia har blitt så ekstrem at dei har blitt redusert til noko som ikkje er verdt ein dritt. Som verken fortener hjelp eller medkjensle.

Og så har vi det evigvarande argumentet som kjem kvar gong dette er eit tema; det er mykje bedre om vi bruker tid å ressurser på å hjelpe dei som ikkje har det bra i Noreg.

Og eg er heilt einig i at vi skal hjelpe dei som ikkje har det bra i Noreg og. Sjølvsagt skal vi det.

Men når blei det greit å kategorisere kven som fortener hjelp ut frå kvar dei kjem frå? Når blei det greit å oversjå menneske i nød fordi dei ikkje "høyrer til her"? Kven i allverda er det som legg føringar for kven som fortener å blir teke vare på, og kven som skal gå for lut og kaldt vatn fordi "dei burde haldt seg der dei var"?

Er det verkeleg eit slikt land vi vil ha? Ei slik verd? Der kvar og ein sit på si eiga tue, og nåde den som prøver å klatre opp for eg var her først?

Dei siste åra har eg jobba med å lære meg at alle har lov til å ha si eiga meining, og at eg godt kan vere ueinig men at eg likevel skal respektere dei. At ein ikkje skal styre kva andre meiner, eller øverkøyre dei om ein er ueining berre fordi ein er overbevist om at ein har rett.

(Ikkje fordi eg gjorde dette før, altså. Men i lys av den framtidige jobben min så blir det ekstra viktig å både tenkje slik sjølv, og klare å hjelpe andre til å sjå denne tankegangen.)

Eg kjenner det held hardt akkurat no. Eg kjenner at eg for ein gongs skuld er glad for at eg ikkje er den som roper høgast.

For akkurat no er nyhendestraumen min på Facebook full av folk eg har lyst til å plukke opp og filleriste. Kommentere kvart einaste innlegg som starter med "send faenskapet ut att" eller "steng grensa, vi vil ikkje ha sånt pakk". Veit at eg eigentleg bør også, at det er feigt å berre scrolle forbi utan å ta eit standpunkt.

Og det handlar ikkje primært om gode/dårlige argument. Eller som i mange tilfelle; mangel på argument i det heile teke.

Det handlar ikkje om at alle skal meine det same som eg. Eller at eg nødvendigvis har kjemperett i alt.

Det handlar om menneskesyn. Det handlar om korleis ein vel å ordlegge seg når ein snakker om andre menneske. Det handlar om "kven som er viktigast", om at det i det heile teke finnast ein idè om at nokon er viktigare enn andre.

Kor i allverda kom den ideen frå??

Det handlar om menneske, til sjuande og sist. Menneske med ulike skjebner, akkurat som oss. Barn utan foreldre, fedre som har reist frå framilien i håp om å finne ein trygg stad å hente dei til (utan å vite om dei i det heile teke har ein familie å hente når dei kjem fram). Menneske som reiser frå ein kvardag dei fleste av oss ikkje kan byrje å forestille seg ein gong.

"Eg veit korleis du har det" har blitt ein slik ting ein eigentleg ikkje burde seie lenger. For ingen veit korleis nokon har det, eigentleg. To personar kan ha angst, og oppleve det totalt ulikt. To personar kan ha kreft, og oppleve det totalt ulikt. To personar kan vere fattige, eller sjuke, eller einsame, og oppleve det totalt ulikt.

Men at personar som har det fælt har det fælt, og at dei fortener medkjensle, det er vi alle ganske einige om. At vi bør strekke ut ei hand, seie gode ord, gjere noko for at å gjere dagen til desse menneska litt betre. For å hjelpe og trøste, så godt vi kan og evner.

Kanskje vi burde tenkje på å strekke den handa litt lenger?

(Og absolutt ALL ære til dei som gjer dette. Som reiser ut for å hjelpe, som organiserer hjelpegrupper og samler inn klede og gjer så uendeleg mykje meir enn eg sjølv kjenner at eg kunne gjort. For det er mange av dei også, altså. Og dei fortener verkeleg ros.)





fredag 23. oktober 2015

Fredagsboka, visstnok

Har visst ein tag på denne bloggen som heiter "Fredagsboka". Hadde visst ein plan ein gong om å anbefale ei bok kvar fredag. Har visst berre gjort dette to gonger. Med om eit mellomrom på om lag eit halvt år.

Så då er det vel overpåtide med ei ny.

No les eg for det meste pensumbøker for tida. Og når eg ein gong drister meg til å plukke opp noko som ikkje kan risikere å dukke opp på eksamen, så legg eg den stort sett frå meg ganske kjapt fordi stemma i hovudet som maser om at "hvis du først ska lese bok så kan du i alle fall lese ei ta alle dissa skulebøkene du ikkje he opna" blir for høglytt.

MEN, i denne veka har eg faktisk lest ferdig ei heilt ekte bok, utan ein einaste utdøydd russisk teoretiker eller didaktisk modell i sikte.

Og den var steikje bra.

Offa - foreljingar frå ei øy - Ronnie M.A.G. Larsen

"Ferje-Petter såg på klokka og tenkte at han skulle vente i det lengste med å vinke om bord bilane. Taxi-Arne brydde seg som vanlig ikkje om signal frå ein slik lowlife som Ferje-Petter. Han skulle på sjukhuset for å sjekke prostataen, det visste alle som hadde tatt taxi den siste månaden. Da han passerte Ferje-Petter, peikte han ned mot skrittet og kryssa fingrane. Ferje-Petter tok seg sjølv i å gi ham tommelen opp og mime lykke til i sakte bevegelsar." 

Offa - forteljingar frå ei øy er ei samling med 21 fiktive historier frå Giske utanfor Ålesund. Her møtar vi Joggaren, Sladre-Guri, Fitte-Per og dei andre. Historiene strekkjer seg over ei periode på 40 år og omhandlar mellom anna ein verdsrekord, ein tur til Norway Cup, ein skummel neger, kjærleik og død. Alt forteljast med oppsiktsvekkande mykje humor og varme. Offa - forteljingar frå ei øy er så lokal at den blir universell. (Cappelen)



---

Det slår meg at eg har eit lite fortrinn når det gjeld denne boka; eg bur i bygd. 

Eg bur ikkje i denne bygda (øya), men eg bur i ei bygd som er bygd nok til at eg kjenner meg att i denne boka. 

Dessutan er eg halvt Valderøying, og om lag 1/16 giskeøying, så det hjelp også på.
  
Eg sit litt med same kjensla som eg gjorde då eg for nokon år sidan skulle anbefale Fur; eg har nett lagt fram meg noko eg syns var absolutt fantastisk, men eg aner ikkje kva ord eg skal bruke for å få formidla dette på ein måte som gjer at andre vil lese den og. 

(Og det seier litt, for er det noko eg vanligvis ikkje har problem med så er det å finne ord. Eg finn gjerne alt alt for mange ord)

Boka er både morosam og trist, velkjent og veldig fin, og eg klarer liksom ikkje heilt setje ord på kvifor eg likte den så innmari godt, men det gjorde eg verkeleg.

Og eg seier ikkje at du ikkje kjem til å ha glede av den om du ikkje bur/har budd i bygd, altså. Eg er faktisk overbevist om at du har glede av den boka uansett kvar du bor. 

(Eg kunne forøvrig veldig gjerne tenkt meg å lese den med habitusen til nokon som har budd i by heile livet ... sjå så flink eg er å bruke faguttrykk i det daglige da!)

Men sånn heilt alvorlig talt; les denne. Med ein einaste gong. Haugenbok sender fort som f***, så det er berre å hive seg rundt. 
  
---

(Joda, eg er fult klar over at tre av dei fire siste innlegga mine har krinsa rundt eitt eller fleire GISKE/The Margarets-medlem. Men no har det seg ein gong slik at etter at GISKE-plata kom i slutten av mai så har eg hatt ein sommar der det stort sett kun har gått i gamle og nye favorittar frå den kanten, og som eit resultat er eg bittelittegranne einspora for tida. Men det er eit veldig, veldig fint spor å vere inne på, altså.)

(Og denne boka hadde vore akkurat like fin om eg ikkje hadde vore einspora.)

(Og eg hadde mest truleg ikkje funne på å lese den om eg ikkje var einspora, og således gått glipp av den. Så sånn sett så er det å vere einspora av og til veldig, veldig positivt.)

onsdag 21. oktober 2015

Betre seint enn ikkje i det heile teke


Eg burde ha oppdaga dette for lenge sidan.

Eg har vore The Margarets-fan så lenge eg kan hugse. Eg burde så absolutt ha fått med meg at denne plata kom ut for tre år sidan.

Og kjøpt den på dagen.

Og forelska meg i den då.

Men no har det seg slik at eg ikkje oppdaga den før i haust. Nærare bestemt, rundt tredje oktober.

Men så har eg forelska meg så grenselaust i den no at eg føler det gjer litt opp for dei tre åra som har gått utan at eg har fått den med meg.

Ikkje det, det er overhodet ikkje fyrste gongen eg har vore seint ute med å oppdage noko som alle andre allereie har prisa i månedsvis.

Men denne skulle eg gjerne oppdaga litt før. Veldig mykje meir før, faktisk.

Når det er sagt, så er eg veldig veldig veldig glad for at eg oppdaga den no. For hjelpemeg så fin!


Hølå - Rune Berg

Favorittane hittil er "All my time", "Breaking News" og "Soulless instead".

Men heile greia er eigentleg kjempefin, så dette kjennast litt feil å trekke fram favorittar, sånn når eg får tenkt meg om.

Bortsettfrå at eg må trekke fram "Pass it on". Som eg høyrde for fyrste gong under GISKE sin konsert fyrste oktober. Og som eg merka meg fordi den var fin (og passa så godt til historia den var med på å tonesette). Men som eg aldri trudde eg kom til å finne att, for ikkje visste eg verken kva den heitte eller kvar den kom frå.

Eg byrjer å skjøne at eg ikkje er sånn forferdelig god på dette her lenger, for same kor mange fine ord eg prøver å leite fram for å gi dette innlegget litt ekstra svung, så ender eg opp med å seie det same; denne plata er så fin!

Men den er det. Den er så fin. Og personleg, innbiller eg meg. Og midt oppi heile greia så kjenner eg meg litt att i den (utan at eg er heilt sikker på at det var meininga).

Så ja. Anbefalast. Varmt.

Kjempevarmt.



mandag 19. oktober 2015

Gjennoppliving

Kjenner at det så absolutt er på tide med ei gjennoppliving av denne bloggen. Ikkje fordi eg plutselig har så veldig mykje vetugt å kome med, eller fordi det har skjedd ting som er så viktige at dei er verdt å dele ... eller, det har det jo for så vidt, men at dei er viktige for meg er ikkje det same som at dei er viktige for omverda.

Men sidan eg for tida held på å lære meg sjølv av eg ikkje er usynlig (noko eg heilt ærlig har gått og trudd at eg var, inntil ganske nyleg) og at eg faktisk har lov til å ta plass i verda (høyrast ikkje rett ut, men eg er villig til å prøve), så verker det å puste liv i denne bloggen igjen som ein god ide.

Ikkje fordi den har ein trillion overivrige følgarar, eller får ørtentusenvis av kommentarar. Men den kan vere eit fint lite supplement til alle andre skumle tinga eg gjer for tida.

Og når eg seier "skumle", så meiner eg verken lyssky, kriminelle eller "hoppe-frå-ei-bru-med-fallskjerm"-skumle.

For når du har gjort ditt aller aller beste for å gå i ett med tapeten (eller gipsplatene, eller murveggen, eller kva du no har hatt bak deg) sidan du var 15-16 år, så er det å skulle stå fram og vere synleg ganske skummelt.

Men det viser seg at det også kan vere ganske morro. Eller i alle fall føre til ganske mykje morro.

Så ja. Her er eg igjen.

Og når eg no har sagt dette så blir det sikkert vekesvis til neste gong eg skriv noko som helst ...