torsdag 25. juni 2015

Gamle heltar svikter aldri

... OK, det er ikkje heilt sant. Somme gamle helter har svikta meg voldsomt oppigjennom åra, av ulike meir eller mindre gode grunnar.

Men det gjer det berre enda betre når dei som ikkje svikter ... ikkje svikter.

Så lenge eg kan hugse (eller mest truleg sidan 1999, men det høyrast liksom ikkje like evigvarande ut) har eg vore stormforelska i musikken til The Margarets. Lenge før eg forstod både kva dei sang om, og kor bra dei eigentleg var. Den berre traff, liksom, og det var det.

Sidan då har dei vore i alle CD-stativ eg har. På alle mix-CDar eg har laga. På alle mp3-spelarar og iPod'ar. Og i seinere tid, på alle spelelister i både iTunes og Spotify.

Utallige boyband og blonde rapparar og "grupper som danser betre i lag enn dei syng" frå rundt den same tida har gått inn og ut av favoritt-lista, for så å støve ned i eit hjørne som eg berre tjiker bort på av og til, rister på hovudet og konstanterer at eg kanskje har forandra meg meir enn eg trudde sidan eg var tenåring.

The Margarets har aldri støva ned.

Og kvar gong eg har teke dei fram att, har eg funne ein eller to nye favorittsanger som eg ikkje heilt kan forstå kvifor eg ikkje allereie har oppdaga at var fantastisk. Og spelt ihæl dei eg likte best frå før.

Bortsettfrå at det ikkje går ann å spele ihæl The Margarets. Det er litt av poenget med heile dette innlegget.

Eg har ikkje heilt oversikta over akkurat når eg oppdaga kva tekstane handla om (eller i alle fall kva eg trur dei handlar om), men då eg gjorde det vart musikken deira berre enda viktigare for meg.

Før det var den berre fin. Etter det vart den meiningsfull. Personlig.

Litt min, eigentleg.

Eg har berre sett dei live tre gonger, men det er til gjengjeld meir enn eg har sett noko anna live nokon gong. Det er nesten fleire konserter enn eg har vore på til saman, utanom dei tre.

Favoritten er nok den tredje. "The Margarets med blanke ark!",  ein skulekonsert der eg var utplassert for nokon år sidan.

(gjett kven som dreiv spesialundervisning ei heil veke i førevegen for å vere sikker på at barna skulle vere godt førebudde ...)

Og sjølv om det ikkje var heile gjengen, så gjorde det liksom ingenting. For musikken var strippa ned til berre det heilt naudsynte, saman med historier og forklaringar på kva tekstane handla om. Og der sat eg, ytterst på ei rad, medan eg mima med på kvar einaste song og hadde den beste arbeidsdagen eg nokon gong har hatt.

Mima, ja. For det var ikkje den store skulen, og eg er og var ganske klar på at å drukne ut stemma til Alex Rinde er ei synd og ei skam. I alle fall når du har så middels på-tryne sangstemme som eg har.

Resultatet av heile greia var så klart at eg berre blei enda meir glad i musikken til The Margarets.

Og at ungane på SFO måtte finne seg i ei veke med "etterarbeid".

Eg har aldri kjent på den fortvilinga som kjem når favorittbandet ditt finn på at dei skal gå kvar til sitt. Kanskje fordi eg var heldig og vaks frå boyband-bølga før boybanda i den bølga fann ut at bølga hadde flata ut, og at det var på tide å takke for seg.

Eg hadde aldri kjent på den fortvilinga, før 27. mai 2011. Eg trur ikkje eg heilt forstod kor glad eg var i The Margarets før den dagen. For då var det heilt slutt. Og eg enda opp med å sture i vekesvis.

Altså, dei har framleis vore på alle spelelister og iPod'ar og opptil fleire bil-CDar som har blitt spelt ihæl og måtte brennast på nytt. Ofte i volum både 1, 2, 3 og 4, fordi det er umogeleg å velge akkurat nok favoritt-Margarets-sanger til å ikkje overfylle ein gjennomsnittleg, tom CD. Og den og den sangen må vere med på begge CDane, og hvis eg skal ha den så må eg ha den også og ja ... Det skal ikkje vere lett.

Eg høyrer på veldig mykje ulik musikk. Og etter at det gjekk opp for meg at det faktisk berre er eg som bestemmer kva eg liker, så har eg komt ut av skapet som fan av både det eine og det andre. Men, kva eg skal høyre på til ei kvar tid er alt etter humøret. Det er ikkje uvanlig at eg hopper over 17 songer på ei speleliste før eg finn den eine, høyere på den og så hopper over 27 songar til før eg finn den neste.

Men The Margarets er eg alltid i humør til.

Så om eg deppa i mai 2011, så var eg tilsvarande overlykkelig i mai år. Då eg kjøpte Sumpen sånn heilt tilfeldig. For eg kjøper aldri Sumpen. Sånn med mindre AaFK har vunne. Og det hender ikkje så ofte for tida.

UANSETT, eg hadde heilt tilfeldig kjøpt Sumpen (AaFK hadde sikkert vunne). Og fann ut at eg skulle lese heile avisa for ein gongs skuld, og ikkje berre dei to sidene om kampen.

Slik fann eg den beste nyhenda eg har lest sidan Anders Lindegaard kom att frå Danmark igjen berre nokre veker etter at han reiste, fordi han ikkje ville sidde og pille bussemænd på den tåbelige bænk. 

3/5 av The Margrets hadde blitt Giske, og det kom ny plate. 

Nærare bestemt så kom den 29. mai i år. Og den har gått på loop hos meg sidan. 

Blanda med litt gamle favorittar, men i all hovudsak har det gått i "Carousel Magic Spell" i snart fire veker. I bilen, i stua, på cachetur, på skogstur heilt åleine, traskande gjennom Ålesund sine gater som liksomturist, i køa på CLS (veldig godt selskap når du er kronisk alt for tidleg ute), på jobb (eg har ikkje heilt fått ungane på gli, men det kan vere fordi eg syng sjølv og ikkje overlet det til dei profesjonelle), i dusjen ... you name it. 

Eg har spelt og spelt og spelt og spelt den. Eg speler den akkurat no. 

Eg skal ikkje lyge på meg å vere nokon musikkanmelder. Ikkje på langt nær. Men alvorlig talt; dette må då vere den finaste plata som har blitt laga på opptil fleire evigheiter?

Alt saman. Alle sangane. Absolutt alt. Eg kan ikkje trekke fram høgdepunkt, for plata har 10 høgdepunkt og alle er absolutt like høge.  
 


Spotify 

iTunes

Facebook




Lytt. Kjøp. Lik. Rekkefølga kan du velg sjølv. 

For det er berre så ... fint! Og så nytt og kjent på same tid. Og eg kunne sikkert brukt både store og viktige ord her, men eg har strengt tatt brukt alt for mange ord allereie og alt saman kokar ned til det same; dette er det finaste albumet eg har høyrt på veldig veldig lenge.

Og eg har sakna denne musikken noko så innmari.