mandag 31. mai 2010

Defying gravity

Siste arbeidsdag unnagjort. Offisiellt arbeidsledig.

Bør sikkert vere livredd og lure på kva i allverda eg har funne på. Men gler meg berre til å finne svaret på det store spørsmålet;

Kva gjer eg no?

søndag 30. mai 2010

"Whatever you do in life will be insignificant. But it's very important that you do it"

Ghandi

Det beste tinga i livet er dei du venter deg aller minst. Sjølv om du blir kjempeglad for å få det du ynskte deg i bursdagsgåve, blir gleda enda større når du får noko du eigentleg ikkje trudde du skulle få. Eller når du finn ut at noko du trudde ikkje såg deg, faktisk ser deg akkurat slik du ser han.
Nokon gonger er det store ting, som kjærleik eller eit blått pluss på ein graviditetstest. Andre gonger er det små ting, som ein sang du verkeleg fell for eller ei god bok.

Eller som i dag; ein film.

Eg har sett Remember me på kino. Ein film eg utan problem innrømmer at eg berre skulle sjå fordi Robert Pattinson er med i den. Av og til er eg enkel sånn. Og det var nok det vi hadde tenkt, alle oss 15 i kinosalen.
Remember me er ein film som ikkje får så mykje merksemd. Den har kjende skodespelarar, rett nok; mellom anna Robert Pattinson, Pierce Brosnan og Chris Cooper. Men den har ikkje farge på filmplakaten, traileren er litt difus og den ser litt "tung" ut. Den har ikkje pappfigurar utanfor kinoen (i alle fall ikkje her), og hadde ikkje Robert Pattinson stått på lista så hadde nok ingen sett den på kino. I alle fall ikkje mange.

For Remember me ser ut som ein heilt vanleg, litt dramatisk, romantisk film. Ingen spesial-effekter, ingen kjendisar som dukker opp i uventa cameos, ingen ingenting. Det er lett å bli ein storfilm med mykje penger i ryggen, store eksplosjonar og kule superheltar. Det er ikkje så lett når tagline'en din er; Live in the moments.
Berre ein søt liten film med svart/kvitt-plakat.

Remember me er meir. Så mykje mykje meir. Den er søt og romantisk og dramatisk på alle måter. Men Remember me er meir. Eg kan ikkje seie kor mykje meir. Eg vil at folk skal oppleve det sjølv. Kanskje kjem du ut av kinosalen og lurer på kva i allverda det var eg tenkte då eg skreiv denne bloggen.
Men kanskje kjem du ut med den same kjensla som eg gjorde, og som fekk meg til å bruke heile bilturen heim på å mentalt formulere dette blogg-innlegget.

Og tru du meg; då er det absolutt verdt det!

Share the moment - Dagen derpå

Var innmari skuffa i går. Men kurerte det med Luftslottet som sprengtes. Mmmm Michael Nyqvist.

Og i etterpåklokskapens lys ... så meiner eg framleis at Tom skulle vunne :)


Sikker på at han hadde vunne og, om han hadde stilt i hatt og lengre hår.

Uansett; gratulerer så mykje til Tyskland, stor trøsteklem til Didrik og ei stille takk for at det ikkje var Hellas.

Tyskland om eit år. ALT for lenge til!

lørdag 29. mai 2010

Share the moment - FINALE :D

Kjenner eg er litt overgira no.

INTRO :D

Akutt nervøs no. Tenk om vi vinn... Introen er i alle fall dritkul! Har faktisk høyrt Fairytale så lite i det siste at det var gøy å høyre den att :P

Artisten til Azerbajan verker nervøs. Ikkje at eg ikkje hadde vore det og, men så har eg heller ikkje meldt meg på ESC.

Spania sin sang er rar. Og eg er ganske sikker på at han mannen der ikkje skulle vore på scena. Sikkerhets-fail?
Denne veks da. Eg kjem til å like den om tre veker... trur eg. Anten det, eller totalt ha gløymt den.

Didrik! Nerver i heilspenn. C'mon, boy!
... ok, vi vinn ikkje. Fyrstetonen var falsk, han er på etterskot og verker både nervøs og usikker. Dette blir ikkje siger.
Like greit. Dyrt, trass alt.
... stakkars Didrik. Eg har vore redd for den starten heilt sidan fyrste delfinalen, og diverre fekk eg rett. Og akkurat i dette tilfellet liker eg ikkje å ha rett :(

Moldova får sikkert ein drøss med stemmer, men eg liker den ikkje. Sorry.

Kypros derimot. Den skal eg stemme masse på :D

Bosnia har alltid vore ein av favorittane mine, men i år går den inn ei øyre og ut den andre. Bruker den til å skaffe sokker til kalde føter. Tom er nestemann.

STRÅLANDE TOM!

Serbia sin liker eg berre dårlegare og dårlegare. Så den vinn sikkert.

Kviterussland liker eg. Og Olav Viksmo-Slettan er mykje bedre i helga enn på ein kvardag.

Irland no. Etter den opptreden til Didrik har dei ein kjempesjanse.
... syns den er litt keisam eg. Rett og slett.

[let Hellas forbigå i stillheit]

Den absolutte nedturen i år; Storbritania. Eit land som faktisk både kan og er kjent for å lage god musikk. Og så sender dei dette. DETTE!
FY, Storbritania!

Elsker elsker ELSKER Graham Norton! Skulle ønske eg kunne sjå finalen med han som kommentator.

Georgia. Enda ein nesten-norsk sang. Utan at eg har tenkt å stemme på denne. Sjølv om danserane hennar er nammenam.

Tyrkia sin er faktisk dritbra i år. Ikkje sånn vinne-dritbra, men ja. I like it. Minner meg litt om Crash.

Albania... albania... åja, frøken nesten-one-piece. Hugser ikkje sangen, lover ikkje bra.

Island kan fort vinne. Utan at det treng å vere ein fordel. I alle fall ikkje for Island.

Skumledama frå Ukrania. Ho ser ut som Dakota Fanning i Twilight. Sangen er litt sånn eff.

Frankrike er berre rar. NESTE

Romania simpelten elsker eg. Utan å ha ei god forklaring på kvifor.

Russland derimot. Eg let att augene, og øyrene, og drøymer om Dima i staden.

Armenia syng om fruktsteiner. Trur puppane får fleire stemmer enn sangen.

Syns ikkje noko om at Olav Viksmo-Slettan resirkulerer kommentarar frå semi'ane. Du kan betre enn det, Olav.

Førehandsfavoritt Tyskland. Gjer ingenting om den vinn, men eg ser helst at den ikkje gjer det. Om eg får velje.
On the pluss side; ho likner på Bella.
... SKAL DETTE VERE EIN FAVORITT????? He folk blitt heilt steike DØV?

Portugal er kjempefin. Keisam, men kjempefin.

Israel er og kjempefin. Keisam, men kjempefin.

Snart siste favoritt for kvelden. Merker eg ligg ann til å bli skuffa.

Ja, og så skal Spania synge på nytt. Utan at eg trur det hjelp dei nevneverdig.

Eg innrømmer det. Eg elsker Danmark. ELSKER Danmark. Heia naboane!

... ok, no byrjer eg å like Spania sin. Skal sjå han får masse sympatistemmer og vinn. Pluss at han skal ha for at han ikkje lea ein muskel under opptrinnet tidlegare. Eg trudde først han med lua var med på moroa, før vaktane kom springande.

Erik Solbakken er KONGE :D

For nokre år sidan var ei vennine særs uroa over at eg hadde ein sær preferanse for eldre menn (Sean Bean, Alan Rickman). Ho treng ikkje uroe seg lenger. Er no totalforgapt i Tom Dice. Som er 20.
... yikes.

Voting over, it's time to reveal who is the weakest link.

... eller, nei vent no.

MADCON???

Full fokus!

Åj, 2 12-poeng til Danmark av to mogelege. Eg aner ein trend.

12 poenger til Tom. Kvelden min er nesten redda :D

Åj, vi fekk faktisk poeng!
... stakkars Didrik ...

OK, tyskland vinn i år. Det skal bli meg ein sommerhit...

... tru om Tom Dice treng trøst...

Share the moment - tjustart

Rosa løper AWESOME!

... hei. Tjustarter litt eg. Berre eg finn brillene mine... åja, er det sånn Alexander Rybak ser ut :P
Får faktisk framleis frysningar av å sjå att det frå i fjor. Og kongekommentaren på Gardemoen, mottatt av fleirfoldige tusen nordmenn;
– Alexander Rybak, velkommen hjem!
– Herregud, hva har jeg gjort?

Off, eg trur ikkje seriøst at vi vinn igjen. Men tenk om vi gjer det ... herregud.

Nei, skal ikkje tenkje sånn. Brukte SÅ mykje energi i fjor på å ikkje høyre på favorittsnakket.

Konstanterer her og no at om anten Belgia, Danmark, Romania eller Kypros vinn så er eg himla nøgd. Aller helst Belgia.

... ok, no må vi bli ferdig med dette sirkuset. Har tvihaldt på at eg ikkje let meg sjarmere av Didrik, men om han smiler sånn til meg fleire gonger så er det fare for at prinsippa mine ryk :P

Har dubba NRK. For mange liksom-kjendisar, for lite show. Surfer gamle favoritter på youtube i staden. Aller aller aller fyrste favoritten min var denne:


Syns å hugse eg var ganske heftig forelska i han og. Tilgi meg, eg var berre 7 år.

Men, på tide å grave fram snop og potetgull. Berre ein liten halvtime att.

Gira!

fredag 28. mai 2010

At ein liten dings kan gi så mykje glede

... nei, ikkje ein sånn dings.
Ein sånn dings:


Fine fine iPhonen min. MIN :D

App-forslag blir motteke med takk.

torsdag 27. mai 2010

Share the moment - 2

Har sove i tre timar, og er overklart for neste finale. Skal berre koke kaffi, og grave fram potetgull. Og føre over pengar til brukskonto så eg får skaffa iPhone i morgon ettermiddag.

Men nok om det. I dag er det viktigare ting som gjeld.

*tromme tromme tromme* Distriktsnyhende sååååå unaudsynt ...

Profilen til Eurovision er kjempekul i år. Og det kjem frå den minst rosa jenta i Noreg.

Eg har dessutan funne ut at eg ikkje treng ESC-vener. Eg har Twitter :D Sjølv om eg nett fekk failwhale. Bort med seg, eg har fjasing å fåreta meg!

Litauen først ut. Skal visstnok vere interessant i år. Basix på speed.
Eg er for fjasing, men dette funker likevel ikkje.
i'Llpass

Armenia. ÅH, fin kjole i alle fall!
... dongeribukse under? Nei nei nei. Fail fail fail!
Jah, de var kreativ tekst ... beklager, men får vondt av dårleg engelsk.
NEXT

Israel. Då kjem det garrantert noko politisk.
Innmari søt liten tass da. Og eg skjøner ikkje eit ord av det han syns. Noko som sjølvsagt tyder at eg er solgt!
iLOVEit

... ikkje det, eg stemmer ikkje av den grunn. Men ja, den likte eg.

Danmark. Denne liker eg faktisk ganske godt. Pluss for at han likner Sting på ein prikk.
Og sangen likner
Every breath you take på ein prikk. Kan umogeleg vere tilfeldig.
Når det er sagt så er ikkje denne så verst. Kanskje eg skal stemme i rein solidaritet med Anders Lindegaard.
iLike

Sveits. På fransk, faktisk. Og eg skjønte kva navnet tyda.
Åå, det var han med gull-dressen ja. Og den dumdumdidei-greia har dei stole ein eller annan plass.
iDon'tlikeit

... og berre for å understreke at eg har rett så sang mannen falsk ...

Eg hadde kanskje drept for kjolen til Nadia. Altså, ikkje eit menneske. Men ei fluge eller noko.

Oh,
Sverige. Personleg liker eg ikkje denne spesiellt godt. Litt keisam.
Dessutan høyrer det ut som ho har lånt stemma til nokon andre. Nei, sorry Sverige.
NEXT

Aserbadjan. Og eg er fullt klar over at eg nok stava det feil.
Eg har nett brukt første verset på å google Jessica Biel og sjekke stavinga på landet. Dårlig teikn.
iYawn

Ukraina. Der må det skrante på økonomien, for ho har nesten ikkje klede på eg.
SKUMMEL DAME! Ikkje kan ho synge heller. Og ho likner på Pam i TrueBlood.
Nei nei nei
NEXT!

Nederland. Denne kan faktisk komme til å vinne heile greia.
iLike

Romania. Eg har litt sånn Romania-fetish i ESC. Og denne er faktisk ikkje så verst.
Elendig engelsk set aside. Eg liker faktisk denne veldig godt. Trur eg skal koste på den ei par kroner.
iLike

Slovenia. Eit land eg ikkje klarer å uttale utan finsk ordlyd lenger. Noko som minner meg på at eg sakner Thomas ...
Åja, sangen ja. Denne er jo ... nei, det er den ikkje.
iDislike

Irland. Denne skal visst vere bra. Starter som The Rose. Men dama kan synge! Fin sang, bevares. Men ja. Litt keisam.
Next

Bulgaria. Han heiter nesten det same som hunden min skal heite når eg ein gong får meg hund.
Åjda, det var sceneshowet sitt det! Og fin løysing på "kan ikkje synge engelsk"-problematikken; minst mogeleg tekst.
Dessutan var han HIMLA kjekk. Beklager, eg er sjarmert.
iLoveit

Kypros. Gler meg til å sjå framsida på Sumpen om denne vinn. Ikkje at eg trur den gjer det, men fin er den.
iLikeit

Erik Solbakken er konge, trass dårleg engelsk!

Kroatia. Tru om Eminem veit om dei ... Dette er tyt. Beklager, men dette er tyt.
iDetest

Georgia. Eg ser six-pack. Håper sangen er like fin.
Byrjer bra. Sånn "alt heng på refrenget"-sang. Denne er ikkje det verste eg har høyrt. Litt surt og keisamt, men hallo; det er ESC.
iDon'thateit

Tyrkia. Dette lover ikkje bra. Eg har fått hovudverk av Tyrkia sine låter i fleire år på rad.
Ok, eg får ikkje hovudverk av sangen. Lysshowet derimot ... Men denne er ikkje så verst den.
iLike

Sånn, har stemt på Danmark, Nederland, Romania, Kypros og Bulgaria. Sistnemte mest fordi han sette augene i meg. Enkel å glede, eg.

KULE PAUSEINNSLAGET!

OK, resultat plz. Blir nøgd om eg får med Romania og Danmark. Resten er bonus :)

1. Georgia
2. Ukraina
3. Tyrkia. Slett ikkje overraskande!
4. Israel. Heller ikkje overraskande.
5. Irland
6. KYPROS! Så gøy :D
7. Aserbajan.

... no byrjer det å spøke her ...

8. ROMANIA :D
9. Armenia
10. DANMARK!!!!

STEIK kor go ej e å tippe :D

onsdag 26. mai 2010

Enkel mattematikk

eller "Kvifor det ikkje er så gale at eg kjøper iPhone trass i at eg blir arbeidsledig om tre dager".

Har snusa på iPhone sidan i fjor haust. Nærare bestemt, sidan eg sat på nattbuss til Oslo 7./8. november og såg guten i sete framføre meg fikle med sin heile vegen. Eigentleg er eg ikkje sånn som kjøper nytt med ein gong det kjem, og eg hadde jo ganske ny og brukbar sony ericsson, så det blei med draumen.
Men eg treng ikkje store grunnen til å kjøpe nytt heller. Sony'en min byrjar å få dårleg batterikapasitet, og dessutan har eg snart bursdag. Pluss at eg har solgt for 150 000 meir enn eg hadde pålagt meg sjølv å selge for før eg fekk kjøpe iPhone. Så, i bonus, provisjon og bursdagsgåve frå meg til meg, blir det i år iPhone.

Men no er iPhone ganske så dyrt. La oss til dømes ta ein av dei eg har sett på i det siste, 3GS 32GB, med Telenor Surfeprat XL abn. Hjå Spaceworld er totalpris for eit år 14.187,00.
La oss runde ned til 14.000,-

La oss så sjå på nokre harde fakta;
- Eg drikk ikkje
- Eg røyker ikkje

Dette er jo dyre laster. La oss sjå nærare på dei;

Drikking
La oss seie eg drakk alkohol. Og la oss seie eg kjøper ei 100 cl-flaske Bacardi Razz i månaden.
OBS: Eg aner ikkje om detter er mykje eller lite. Det meste eg har drukke i mitt liv er fire cider på ein kveld. Så eg leita opp noko på vinmonopolet sine sider som eg visste kva var, og tok det derifrå. Om dette er storforbruk får vi late som eg er alkoholikar. Om det er småforbruk får vi late som eg er billig i drift.

Så, kvar var vi? Overnevnte Bacardi koster 413,90,- Då blir reknestykket for året 413 x 14.
... ja, eg veit. Det er 12 månader i året. Men hallo, i desember må eg jo ha to, fester annakvar dag. Og i juni har eg bursdag. Og så har vi jo fyrste mai. Så ja, litt ekstra må reknast med.
Uansett gir det ei årlig Bacardi Razz utgift på 5.782,-

Røyk
La oss, noko motvillig, late som eg røyker og. No aner ikkje eg kva ein pakke røyk koster. Men i følge ein post på kvinneguiden.no (funne via google) kosta ein 20 pk 68 kroner i 2007. Eg rekner med det ikkje har blitt billigare, så la oss seie 90 kroner.
Eg er ein ganske stressa person, til tider. Eg jobber jo i avis. Og eg har forstått det slik at røyk er nokon ein bruker mykje av når ein er stressa. Og så blir det sikkert røkt litt når eg kjem heim. For å gjere det enkelt låner eg mottoet til Bama; 5 om dagen. Dette er sikkert kjempelite, men då får vi late som eg i ferd med å slutte.
Det vil seie at ein 20 pk varer i fire dager (4x5 er som kjent lik 20). 30/4 = 7,5, så vi runder opp til 8.
Og så må vi ikkje gløyme at eg drikk og. Og om eg drikk så må eg jo røyke meir. Dessutan er eg singel, så då kan eg drikke kvar helg. Så la oss seie ti 20pk i månaden, berre for å ha eit tal. Det blir 900,- pr. månad, som igjen blir 10.800,- i året.
Sidan det sikkert går med litt meir enn det eg har rekna med allereie, runder vi opp til 12.000,-

Eg har altså då ei samla, årleg (fiktiv) utgift på 17.782,- Vi runder opp til 20.000,- sidan eg glømte å rekne med vin og øl/cider i samband med alkoholen.

Konklusjon:
Eg sparer 20.000 i året på å ikkje røyke og drikke. Overnevnte iPhone m/abn. koster 14.000,-
Det vil seie at eg (fiktivt sett) sparer 6.000,- i året på å kjøpe iPhone.

Er ikkje det god økonomi så veit ikkje eg!

tirsdag 25. mai 2010

Share the moment

Bruker eigentleg å blogge meg igjennom ESC. Rett nok på engelsk, men i år tek eg ein vri og køyrer nynorsk. Denne blir og posta uredigert, uansett saklegheitsnivå.

... stakkars dykk ...

Har no rigga meg til i sofaen med 4 typer sjokolade, kaffi, brus og potetgull
... har eg nevnt at eg har ESC-party heilt åleine?

Mobilen ligg klar til bruk, og skal berre stemme på ein deltakar i kveld. Men så skal eg til gjengjeld stemme mange mange gonger. Naivt? Kanskje litt. Dyrt? Utvilsomt. Har eg tenkt å gjere det likevel? You bet!


Eg veit at det er lite truleg at Tom når opp. Men eg håper verkeleg han gjer det. I år har eg verkeleg berre ein favoritt, utanom den sjølvskrivne norske. Så det blir bittelitt nedtur om han ikkje ein gong kjem til finalen.

Unaudsynt å sende opp at NRK Møre&Romsdal. Ingen AaFK-innslag, inga interesse. Bring on the crazy!

You know, I still have trouble with the fact that it's actually in Norway this year. Looking forward to seeing how Erik does as a host. Man is crazy, in a good way. But maybe too crazy for ESC?

Åh, vi starter med sjølvskryt altså :P Jaja. Men fine kjole til Haddy!

... får ikkje stemme?? Altså; HÆ? Eller... litt forvirra no. Jaja, då sparer eg i alle fall dei pengane.

KULE postkorta!

Moldova fyrst.
... nei, sjå. Han har fele. Bombe. Denne får sikkert ein million stemmer. Men den får ikkje mi.
Next!

Russland sin tur. Syns å hugse at denne var litt bra... nei, vent no. Det var denne som ikkje hang på greip, ja!
Sirup. Rekk jo tre tissepauser før han er ferdig med fyrste verset jo.
Next!

Estland. I solidaritet med Enar Jääger har eg bestemt meg for å like denne. Om det let seg gjere.
Han får plusspoeng for å likne på Carlisle Cullen. Og han treng dei, for dette lover jo ikkje bra!
Sorr Enar ...
NEXT!

Slovakia. Kule kostymene!
Åja, denne går videre. Det høyrer eg med ein gong. Og eg er faktisk einig. Denne er faktisk litt kul, og heilt klart den beste hittil.
iLike

Finland. I solidaritet med Ville Jalasto og ESC-Thomas så føler eg eg må like denne litt. Sjølv om den er sær. Veeeeldig sær. Men pytt sann, nokon må jo vere det også ...
Ho eine likner då vitterlig veldig på Lillian Müller? Og litt gøy er den jo.
iApprove

Pauseprat er like keisamt uansett kven som bedriv det.

Latvia.
Å. Gud. Bedre.
1. Dette er fælt!
2. Du kan ikkje synge om englar med kors rundt halsen og så kort kjole
Nei nei nei nei nei.
Nei
NEXT

Serbia. Tyt.
Next!

... er framleis usikker på om det er mann eller dame som stiller for Serbia ...

Bosnia. Vanlegvis ein av favorittane mine uansett. Vi får sjå ...
... skal dette vere rock? Verkeleg? Snork.
NEXT

Polen neste. "Knuste konkurrentane" altså. Dette bør bli bra ...
... ok, konkluderar med at INGEN i Polen kan synge. Ikkje han som vann ein gong
iDetest

Belgia. NYDELIG Tom! Eg får ikkje stemt, men fingers crossed
iLove, iAdore and iWantToMarry

Malta. Ingen Fabrizio i år. Kanskje like greit.
Malta held hardt på balladene sine. Og dei berre held ikkje.
i'Msorry

Olav Viksmo-Slettan klarer seg bra, hittil. Litt anonym til seg å vere.

Albania. Har ikkje likt ein albansk ESC-låt sidan Andrè og "Without your love". Det ser ikkje ut til å endre seg i år.
Heilt grei. En av 14 sånne i år.
Next

Hellas. Alltid spanande. Venter meg strandprins... og eg blir ikkje skuffa. For å hente fram eit gammalt Friends-sitat; his pants are so tight you can see both double-0 and 7.
Sang æsj. Mann æsj. Dansarar æsj.
NEXT!

Portugal. Veit mammaen hennar at ho er i Noreg heilt åleine?
Jammen, denne var jo litt søt jo. Denne kan fort komme himla høgt opp, kanskje vinne heile greia (då blir Jostein Pedersen glad).
iLike!

Beklager Olav, du er veldig flink og sånn til vanlig men; Eg vil ha tilbake Synnøve Svabø!!

Makedonia. Eg ventar i spaning... Lover ikkje bra når sjølv playback'en er falsk.
Danseren bruker artisten som strippestang. Kreativt. Og dette er andremann som har teke kvelertak på danseren sin.
iDisapprove

Kviterussland. Refrenget på denne er i alle fall nokolunde fint.
*points* Andreas Wahl-lookalike! Falsk! Falsk falsk falsk falsk falsk!
NEXT!

Island. På ein måte håper eg denne ikkje vinn, for då går sikkert Isand konkurs.
Nja... ikkje min type musikk, men den får sikkert mange mange mange stemmer altså. Fine kjolen da. Sjølv om den skulle gått heilt i golvet.
iApprove

Nadia, Haddy, Erik; dykk er kjempesøte altså. Men;
Bad english, go stand in a corner!

Så var det berre å vente på resultata. Labert for min del i år. Men om eg får med Belgia og Portugal skal eg vere nøgd.

Erm, NRK. Altså. Pauseinnslag NOT FTW.

*tromme tromme tromme* Eg vil ha resultata! *tromme tromme tromme*

Skal tru om programleiarane hadde snakka dårleg engelsk om Storbritania vann og. Er det ei sånn ESC-greie?
... no vinn forøvrig ikkje Storbritania i år, så det får vi nok ikkje vite på ei stund.

Resultat. Endeleg
1. Bosnia
2. Moldova
3. Russland????????????
4. Hellas
5.
Portugal i alle fall!
6. Kviterussland
7. Serbia
... nervøs no ...
8. BELGIA :D
9. Albania
10. Island. Bra!

Det fine er at eg fekk med den einaste favoritten min. Det dumme er at dette blir INNMARI dyrt for meg på laurdag!

HEIA BELGIA!


... kva? Vi har ikkje råd til å arrangere ein gong til likavel :P

mandag 24. mai 2010

Veit at eg ikkje skal blogge fotball her

Men

YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES YES

Share the moment

Eit av dei store høgdepunkta i året nærmar seg. I alle fall for underteikna. Om ei veke er faktisk heile greia over, alle pengane brukt og forhåpentleg vis har Europa fått ein ny favoritt.

Eg snakker så klart om Eurovision song contest. Grand Prix. Programmet vi elsker å elske, elsker å hate og snakker om anten vi gjer det første eller det siste.

Eg har nett sett eit av Adresse Oslo-programma, og konstanterer at det som vanleg er mykje rart med i år. Heldigvis slepp eg å uroe meg over at noko av dette rare skal danke ut vår eigen Didrik allereie før finalen. Det skal ha sine fordelar å vinne ...

Men ærleg talt. Somme gonger tenkjer eg berre; om den der
vann, kva i allverda var det då som tapte?

Russland sitt bidrag i år er eit sånt. Og kva i allverda er det Storbritania driv med? Dei kan jo å lage musikk i det landet jo!

Eg har ikkje mange favorittane i år. Didrik er jo sjølvskriven, og etter nokre månader har eg kome over at verken Alexander eller Bjørn Johan vann, og er klar til å vere 100% norsk ... eller, i alle fall 80%.

For Belgia har verkeleg sjarmert meg i år. Sikkert berre meg, men dog. Eg held ein knapp på unge herr Tom Dice:


lørdag 22. mai 2010

Push me around

Nye-plata til Fiction Plane er ute. Sparks. Eg finns ikkje objektiv, men eg ELSKER den!


... det var berre det. Spring. Lytt. Forelsk deg.

torsdag 20. mai 2010

Hei verden

*vinke vinke*
Eg veit at dykk ser meg, altså.

Har sett Debatten på NRK. Om Paradise Hotell/reality TV og eksponering i sosiale medier. Paradise Hotell-delen veit eg ikkje heilt, eg har ikkje sett meir av den serien enn dei sekunda det tek fjernkontrollen å reagere når eg zappar. Men eg har skjønt at det handler mykje om sex og drikking og sånn. Det er kanskje derfor det ikkje appellerer til ei avhaldskvinne. Flatfylla har eg aldri vore interessert i. Misforstå meg rett; eg ser ikkje ned på dei som syns det er gøy, liker å ramle på fylla eller ta seg ein fest i ny og ne. For all del, kvar si lyst. Eg berre gjer det ikkje sjølv.

Men det var ei avsporing. Det var delen om sosiale medier som var mest spanande. Eg har ikkje på nokon måte tenkt å bli sinna på Atle Bjurstrøm for kommentaren om at det meste folk legg ut på Facebook og Twitter er svada. Men henge meg litt opp i den, det skal eg.

Eg har prøvd å forklare mange vener, mange gonger, kva som er så gøy med Twitter. "Ka e greia, ka e de for nokke?"
Eg slit litt med å svare. Standardsvaret er jo at det er ei mikrobloggingsteneste der meldingane maks kan han 140 teikn. Det seier folk fint lite. Så etter mange forsøk har eg funne det einaste rette svaret;
Twitter er det du gjer det til.

Då eg fyrst byrja med Twitter skjønte ikkje eg heller eit kvekk. Eg skreiv på engelsk, fulgte heilt tilfeldige folk og ante ikkje kva eg haldt på med. Til slutt gav eg det opp, og fann ut at det var "meiningslaust". Men så gav eg det eit nytt forsøk, slo om til nynorsk og fann ein del norske kvitrarar å følge. Sidan har det berre balla på seg, og no
elsker eg Twitter. Eg fyljer så fantastisk mange kule, morosame, søte, herlege, provoserande og kloke menneske.

Fyrst trudde eg at eg måtte vere kjempeseriøs heile tida på Twitter. Det har eg heldigvis skjønt at eg ikkje må. Twitter blei faktisk berre enda gøyare når eg oppdaga det skjulte potensialet for fjasprat. Eller svada, som Atle Bjurstrøm kaller det.

Mange ser Twitter som ein arena for diskusjonar, store tema og fremjing av viktige saker. Det gjer for så vidt eg og, men eg er ikkje av typen som klarer å komprimere argumenta mine til 140 teikn. Eg tykjer til gjengjeld der er spanande å fylje andre sine diskusjonar, og sjå kor utruleg mange ulike meiningar det kan vere om eit og same tema.

Men for meg er Twitter litt mindre... stivt, i mangel på betre ord. Verdien for meg ligg i sjansen til meir kvardagslege, fjasette og til tider direkte absurde diskusjonane. Det er reine leikeplassen for ordspel, dårlege vitser og underfundige tema.
Altså, eg kan vere seriøs. Og eg er det. Men eg har det skjeldan så gøy på Twitter som når eg diskuterer hybelkaninsafari eller britiske krimskodespelarar.

Poenget mitt er at svada og har ein verdi. Ein god latter forlenger trass alt livet, seiast det. Og det er ikkje skjeldan eg ler så eg rister, for meg sjølv åleine i leiligheta.

Seriøs og alvorleg har eg nok av sjanser til å vere i løpet av ei veke, til og med berre i løpet av dei 7,5 timane eg er på jobb. Og eg tek gjerne ein diskusjon om tema som verkeleg opptek meg.
Berre ikkje på 140 teikn.

Sunn Sunn Møring Møring - fasit

Det er ganske lenge sidan dette innlegget, om mi kjære dialekt og dens rariteter på ord- og uttrykksfronten. Og sidan eg ikkje har lyst til å legge meg, tykjer eg det er på tide med ein fasit. Og kanskje nokre nye ord. Øss fe sjå...

De e'kje pire
Kort oversett; Det er ikkje greit. Ofte brukt i litt sympantisk samanheng

De heng'kje på greip
Eg skulle til å oversette dette med "det ligna'kje grisen", heilt til eg kom på at det kanskje ikkje er særleg meir forståeleg. Det tyder i alle fall at noko ikkje er som det skal vere, gjerne riv ruskande gale/heilt borti natta.

Røyte gale
Mykje det same som overnevnte. Sikkert ofte brukt av sunnmørske Brann-supportarar når dei ser på tabellen. "De e so røyte gale!"

Heile hørva
Alt, rett og slett

Istjøkel
Istapp. Favorittaste lært-av-farmor-ordet mitt!

Lykjel
Nøkkel. Variasjon; nykjel

Opponde
Under, rett og slett. Utan at eg heilt har skjønt kvifor.

Nøvinj
Neve.

Høke
Hake. Som i den du har i andletet.

Atteføkjin
To tydingar.
1. Snø som har blåse opp etter t.d dører eller vindauge. "Hytta va atteføkjin ta snøv."
2. Å vere stokk dum, tett i pappen. "Fyr'n e steikje atteføkjin."

Oppi/atti nøva
Noget udefinerbart. Beste svaret eg har er "der borte". Gjerne om noko står t.d bak huset.
- Kor e grasklipper'n
- An stend atti nøva

Fluksepålina eller Tultrepålina
Igjen; takk til farmor. Ei Flukse- eller Tultrepålina er nokon som kler seg spesiellt... eller, nokon som kler seg på ein måte personen som bruker uttrykket ikkje tykjer noko om. Gjerne litt spesielle/rare/flagrande klede.

Fineskrin
Mormor denne gongen. Ei pyntedokke, nokon som liker å stasje seg opp.

Manta
Morfar-ord. Tyder 'teikneblyantar', eller strengt tatt fargekrit.

Nete
Igjen, min kjære morfar. Tyder 'nøtter', rett og slett

Grauthaud
Litt det same som å vere atteføkjin. Steike tett i nøtta.

Vasedallj
Favorittordet mitt! Tyder ein person som ikkje får noko gjort. Som mangler handlekraft. Tidlegare ofte brukt (av meg) om ymse fotballdommarar/spelarar.

Stutakonge
Litt det same som ein vasedallj, men dette er litt meir en person som t.d kanskje har budd litt for lenge på heimegarden. Type litt sær gammal ungkar (litt som han her)

Sirompa
Litt... treig. Keisam. Vanskeleg å be. Lite impulsiv.

Og så til uttrykka:
Sjit oppi eine nøvinj, å ønsk oppi den andre, å sjå kar du fer mest
Ganske ordrett oversett; Skit i eine neven, ønsk i den andre, og sjå kvar du får mest.
Brutalt, men sant.

De gjeng'kje to store oppi en sekk.
Dette var litt som det Olaf Thommessen fekk erfare i Venstre. Eller det som skjedde med Chelsea då dei kjøpte det som kunne krype og gå av superstjerner;
To (eller fleire) store/plasskrevande personar går ikkje i lag i lengda.

Du koka'kje mykje suppe på et fint haud.
Ein slags versjon av "døm ikkje ei bok etter coveret", berre at dette blir brukt om personar. Det er ikkje alltid dei vakraste menneska som er dei beste.

Farfar var, i fylje pappa, eit bibliotek av gamle ord og uttryk. Han hadde alltid eit uttrykk som passa situasjonen. Som om han til dømes fekk spørsmål om kva det var til middag;
I dag ska oss slenge magen oppå ømnen å varme oppatt de oss ha i går
For den som ikkje har skjønt det; I dag skal vi slenge magen opp på ovnen og varme opp att det vi hadde i går.

Farmor har og eit av favorittuttrykka mine, som mine eigne både barn og barnebarn skal få høyre opptil fleire gonger;
Den som kjøpe alt han ser, den fer gråte når andre ler.
Burde vere greit motto for dei som er med i Luksusfellen ...

Og til slutt den ulitmate utfordringa:
Pøytehøppandes ikønn me bastus å pjækert
Denne stiller litt i same kategori som "ej he'kje men ho hi ho he". Mest mogeleg dialekt på minst mogeleg plass. For å bryte et ned;
Ei 'pøyte' er ein sølepytt. 'Høppandes' er hoppande. 'Ikønn' er ekorn. 'Bastus' er ein heimerulla røyk. Og 'pjækert' er ein type frakk. Med andre ord;
Ekorn med frakk og heimerulla røyk som hopper over sølepyttar.

onsdag 19. mai 2010

Eg vil ha esel

Eg har snart bursdag, og eg vil ha esel. Det er det perfekte dyret til meg; lat, lubben, kosette og sta som... vel, som seg sjølv. Dessutan kan dei beite på marka, og då slepp eg med min pollenallergi å klippe plen. Everybody wins!

Litt sånn beskjedent esel ...

tirsdag 18. mai 2010

Just close your eyes, but keep your mind wide open

Sidan eg ligg rett ut likevel, kan eg like godt gjere nytte for meg. Eller "nytte". Noko må eg i alle fall gjere. Og sidan SnakkOmFilm utfordra meg til å setje opp ei Topp 10-liste med favorittfilmar, tenkte eg at dette måtte då vere ypperlig blogg-arbeid.

Dette blir ei litt spesiellt Topp 10-liste. Sidan det seier seg sjølv at som ivrig Harry Potter og Ringenes Herre-fan går alle dei filmane rett inn på lista så ja... den blir fort full av opplagte val.

Så eg tek ein vri; eg lager ei Topp 10-liste over filmar som har overraska meg. Filmar eg har kjøpt på måfå, eller i min trong etter å eige alt den og den skodespeleren har figurert i. Mange av favorittfilmane mine har dukka opp i bunn av ei "2 for 3"-kasse, eller til 59 kroner ein eller annan stad.

Så her kjem eit lite utval av filmar du kanskje ikkje har høyrt om, som er vel verdt å sjå på:

Ladies in Lavender
Judi Dench og Maggie Smith speler søstrene Ursula og Janet, som bur saman i eit lite hus på kysten av Cornwall i 1930-åra. Morgonen etter ein fæl storm finn dei ein ung mann på stranda, truleg skyllt på land frå eit skipsforlis. Dei tek han med heim og pleier han.
Litt etter litt lærer dei at han er polsk, heiter Andrea og er ein begava fiolinist. Kommunikasjon går på enkel tysk, og etter kvart lærer han engelsk. Men ikkje alle stoler på at Andrea er heilt uskuldig.

Judi Dench er fantastisk i denne. Maggie Smith og. Den låg i bunn av ei kasse med filmar til 59 kroner, og eg har ikkje angra ein dag. Med denne filmen får du både le og gråte, og du kjenner deg bra på slutten. Fin film!

Little Miss Sunshine
Den mest dysfunksjonelle familien i Amerika dreg ut på road-trip fordi yngstejenta i familien er oppsett på å delta i "Little Miss Sunshine", ein missekonkurranse for born. Med mellom anna ein mislykka motivasjonsføredragshalder og far (Greg Kinnear), ein bestefar som røyker dop (Alan Arkin) og ein suicidal bror/svigerson (Steve Carell), er det duka for ein biltur dei seint vil gløyme.

Denne filmen er så sprø at du berre må elske den. Og under galskapen ligg det opptil fleire gode poeng. Must-see!

Secret Window
Det er ikkje greit å vere forfattaren Mort Rainey. Kona har gått frå han, og han bur åleine i hytta deira på fjellet, berre med selskap av hunden sin. Og han har attpåtil skrivesperre. Og ting blir ikkje betre då ein mann ved namn John Scooter dukker opp på døra hans, og anklager han for å ha stole ei av novellene hans. Mort avviser han kontant. Men etter dette byrjer fæle ting å skje med dei rundt Mort, og han skjøner at han snart er neste på lista.

Johnny Depp slår skjeldan feil. Ei heller som eksentrisk forfatter med gærning i hælane. Men, heller ikkje her er ting som dei virker...

Bridge to Terabithia
Jess, nest yngst i ein stor familie, får ein ny ven og nabo i smått eksentriske Leslie. Foreldra hennar er forfattarar, og Leslie har ein fantastisk fantasi. Saman oppdagar ho og Jesse verda Terabitiha, ei verd dei må befri frå onde troll og magiske skapningar. Leslie viser Jess ei verd der fantasien er det einaste som set grenser.

Fantasi er kanskje det viktigast vi har, og alle som har vore små hugser kor gøy det var å drøyme seg vekk til røynde verder. Denne filmen er slik. Eg hadde det slik. Denne filmen minner meg så mykje om korleis det var å vekse opp, og kanskje nett derfor rører den så sterkt ved meg. Eg gret kvar gong eg ser den.

You stupid man
Owen er verdas lukkelegaste mann; han har ein vakker kjærast, som attpåtil er skodepelar, og livet smiler. Heilt til han kjem på overraskingsbesøk, og finn henne saman med medspelaren sin. Owen blir knust, og gir opp alt håp om å finne kjærleik igjen.
Så treff han Nadine. Fyrste møte går mildt sagt til helvette, men etter kvart veks det fram eit venskap dei to imellom. Et venskap som litt etter litt blir til noko meir.
Men så dukker eksen til Owen opp, sparka frå TV-serien sin, og full av anger.

Nokon meiner det finnast nok romantiske komedie i verda. Andre, som meg, får aldri nok. Vi kjenner oss alltid att i eit heller anna, og i denne kjende eg meg kanskje att meir enn nokon gong. Det er ikkje infløkt, det er ikkje tåredryppande og det kjem ingen overraskande slutt. Men av og til er det enklaste det aller, aller beste.

Dark Harbor
Eit skrantande ekteskap, ei helg ved kysten, ein fremmed i vegkanten...
David og Alexis finn ein forslått gut i vegkanten, på veg til kysthuset sitt. Han nektar dei å ringe politiet, og dei gir han skyss til næraste by. Men neste dag dukker han opp att.

Dark Harbor er kanskje ein av dei beste filmane eg aldri hadde høyrt om. Den blei kjøpt primært for Alan Rickman, men det tek om lag fem minutt før du er så hekta at du gløymer kven som er med. Du lurer stadig på kva som skjer, og akkurat når du trur du har forstått det viser det seg at du har mistyda alt.

Dark Harbor er ein film du må sjå fleire gonger. Den er faktisk best på 3.-4. forsøk, det er fyrst då du byrjer å sjå alle dei små detaljane du gjekk glipp av dei fyrste gongane.


Eg kunne sikkert tatt mange, mange fleire. Men dette får bli ei byrjing.

mandag 17. mai 2010

Gratulerer med vel overstått!

I alle fall her i garden. Den saga natt er i ferd med å senke seg, og 17. mai er over for i år. Og det slår meg at nasjonaldagen ikkje er det den ein gong var.

Altså, den er framleis Nasjonaldagen. Dagen vår. Den dagen vi er mest kry av å vere norsk. Den dagen alle korps er ute i gatene, og alle musikantar mellom 5 og 55 har gnagsår på alle tenkjelege stader før klokka har passert tolv. Dagen som redder årsbudsjettet til både Gilde og Hennig Olsen. Dagen for tuting i platikk-kornettar, sykling i bunad og kasting av hestesko.

Og synging av Ja, vi elsker ...

Men det slår meg at 17. mai primært er ein dag for ungar, eller dei med ungar. Vi andre, vi som er midt i mellom, ser på dagen med litt andre auge.

Eg er framleis like kry av at eg er norsk, men ... eg gler meg liksom litt til den 17. mai'en eg kan sjå på minstemann blåse i sin fyrste plastik-tut. Eller sjå eldstejenta gå i tog attmed dei andre fyrsteklassingane, i den heilt nye bunaden sin. Sjå på han i midten sykle så grusen på skuleplassen fyk bak trehjuls-sykkelen, med faren i fullt firsprang etter. Stå om kvelden, med tre utslitte småtroll under kvar si dyne, og legge bunadsskjorter i bløyt, for så å lappe bukse med stort hol på kneet.

Den dagen er langt unna, same kva nokon seier om at ting skjer fort. Den dagen kjem ikkje med det fyrste.
Eg har vokse fra 17. mai, på eit vis. Og fram til eg får mine eigne små en alen lange, blir ikkje dagen like stas som før.

søndag 16. mai 2010

Ny fotballblogg

Det blei for mykje fotball her... eller, det blei berre fotball her. Så no har eg teke konsekvensen, og laga ein fotballblogg. Utan at eg lover at denne bloggen her blir heilt fotballfri, men ja. For spesielt interesserte;
Stolt oransje og blå-gg

fredag 14. mai 2010

NM runde 1 - videre med eit naudskrik

Å slå eit tredjedivisjonslag i første runde i cup'en treng ikkje vere lett. Men
Volda - AaFK 0-1
var vel ikkje akkurat noko å skryte av.

Men, vi rauk i alle fall ikkje i fyrste runde. At det ikkje blir cupfinale att i år trur eg vi konstanterer her og no, men det hadde vore greit å i alle fall kome seg igjenom dei fyrste 2-3 rundene med nogelunde verdighet i behald.

tirsdag 11. mai 2010

Ting blir ikkje alltid slik ein trur

Har brukt dagen på arkiv-dykk, og der fann eg denne unge jenta med store planer for framtida:

Somme dager finns det berre ikkje nok kaffi...

... jobb til halv åtte i går kveld. I seng grytidleg, til meg å vere. Likevel, fire timar ekstra søvn og 3 koppar kaffi seinere er det klart at dette blir den minst produktive dagen min på lenge. Det kjennast ut som om nokon har blåst trykkluft igjennom hovudet mitt.

Eg blir irritert kvar gong nokon seier noko, eller kvar gong noko blir diskutert. Ikkje fordi det vert krangla, eller fordi eg ikkje er eining. Det er
lyden som irriterer.
... det seier seg sjølv at dette ikkje er bra i ein avisredaksjon. Aller helst vil eg plugge Spotify i øyrene og gjere mitt beste for å kome meg igjennom dagen.

Eg kjenner eg treng fridagane som kjem. Berre onsdag att så er det fem dagar på rappen. Og dei skal
nytast! Vurderer sterkt å reise til Volda på fotballkamp, då eg enno har til gode å vere på ein "skikkeleg" bortekamp. Eg var rett nok på bortekamp fyrste runde i cup'en i fjor og, men når det er 45 minutt nærare enn heimekampane så kjennast det litt feil.

Spørsmålet er berre om eg finn stadion i Volda... kanskje eg kan låne navigasjonen til pappa...

søndag 9. mai 2010

11. serierunde - ...

...

AaFK - ODD Grenland 2-3

...


...


...


Dette var 114 000 gonger verre enn å tape for Molde!

Molde-tap hadde eg kalkulert med, det forventa eg. Det hadde eg for så vidt i dag og, men ikkje etter at vi gjekk opp til 2-0.

Det
skal ikkje gå ann å kaste vekk ei 2-0-leiing på 10 minutt! Det skal berre ikkje gå ann! Jamnspelt fyrste omgang, to kjappe mål, lekre mål av Alex i andre omgang. Dette skulle vi eigentleg berre safe inn. Men neida. Gufs frå fortida, AaFK slik dei var for eitt-to år sidan.

Og det verste av alt; eg er ikkje sinna ein gong. Eg er berre 'veldig, veldig skuffet'. Eg klarer ikkje å bli sinna på gutane "mine". Eg ser det på dei, dei er akkurat like skuffa som alle oss andre. Då Staberg blåste for full tid kollapsa heile forsvarsrekka. Ville vart sitjande i 6-7 minutt å berre stirre tomt framføre seg. Korleis i allverda skal eg klare å vere sinna på dei? Dei veit jo så alt for godt sjølve at dette ikkje er bra. Og når det dukker opp slike bilete av Anders Lindegaard;

Foto: Staale Wattø

... eg klarer ikkje å bli sinna. Eg er berre like skuffa som dei er.

Akkurat i dag er tabellen uviktig. 20 poeng speler inga rolle. Eg kan så smått gle meg over at Alex har byrja å treffe mål. Men likevel. Eg kan snakke skader, dommer, brente sjansar. Men kva hjelp det? Kampen er slutt. Vi rota vekk ei 2-0-leiing, og tapte.

Dette er berre surt.

fredag 7. mai 2010

Då var det gjort

Etter nesten eit halvt år med løyndomar havna denne i postkassa til alle i dei to kommunane våre i dag:


Utruleg kry og nøgd med resultatet, ein
kjempejobb av Språksmia og Audun Skjervøy.

Det har vore travelt, å lage ny avis midt oppi at vi og skulle lage dei "vanlege" avisene. Men tida var inne for forandring, og reint objektivt sett syns eg den nye vrien er strålande!

Så håper eg leserane og blir nøgde :)

torsdag 6. mai 2010

10. runde: Tap og vinn med same sinn

... altså, ikkje heilt same sinn så klart, men likevel;

Molde - AaFK 2-1

Eg kunne så klart klaga no. Men kvifor i allverda skal eg klage? Reint bortsettfrå at det sjølvsagt er drit å tape for naborivalen. Det verste eg veit er lag i toppen av tabellen som er dårlege taparar når dei blir slått av lag lenger nede på tabellen. Sånn har ikkje eg tenkt å vere.

Eg kunne så klart hengt meg opp i dommaren. Men eff. Molde fekk ikkje straffe i cupfinalen, og det har plaga Kjell Jonevret sidan. No har han fått straffa si, så eg håper han får sove i natt. At den øydela kampen for oss, blir ei litt for enkel løysing.

For i dag funka ikkje spelet vårt slik som det t.d. gjorde på mandag. Fyrste omgang var uoversikteleg og rotette, feilpassningar i begge lag og tydelege nerver utanpå drakter. Målet til Magnus var direkte vakkert, vi tek gjerne eit sånt i kvar kamp.
Men Molde fekk eit mål før pause, noko som aldri er ein bakdel, og i andre omgang tok dei over kampen. Og vi lot dei. Dei sjansane vi hadde til å kontre, ta over spelet og score sjølve rota vi vekk. Og det er ingen andre si skuld enn vår eiga.

Ei heller var eg på nokon måte sikker på siger i dag. Som tidlegare nevt er dette ein kamp som lev sitt eget liv, uavhengig av tabellposisjon. Molde hadde sitt å revansjere, vi hadde (i følge media) vårt å bevise.

Nei, kvifor i allverda skal eg klage? Reint bortsettfrå at det som nevnt er drit å tape. Men kor mange gonger har vi tapt i år? To. 10 kampar og to tap. 20 poeng, 3. plass på tabellen. Alvorleg talt, eg er då ikkje Alex Ferguson heller.

Du trur meg sikkert ikkje. Du trur sikkert at eg er pøttsur, og bere later som eg tek dette med fattning. Du om det. Skuffa er eg, det skal eg ikkje legge skjul på. Men klage har eg ikkje tenkt å gjere.

Då vil eg heller vere uroa over midtforsvaret mot Odd, med Daniel ute. Får håpe Jonathan er restituert og klar for å stogge Peter Kovacs. Så får vi heller unngå at nokon ligg nede, så Odd ikkje får scora mål. Ein Herrera tilbake på bana hadde heller ikkje skada, sjølv om eg helst ser at han får kome seg heilt til att slik at vi kan bruke han meir enn ein gong i månaden.

Det er nok av kampar att å ta av. Nok av poeng å sloss om.

Og tabellen er framleis eit særs vakkert syn!


Vil berre melde ...

... om at eg er kvalm. Uvæl. Låk i magen. Gudsjelov at det berre er to av desse kampane i året ...

onsdag 5. mai 2010

Fotballinteressert

Då eg byrjar å sjå fotball hadde eg ikkje heilt ærlege hensikter med det. Det var eit ledd i ein større plan om å imponere den rette guten. Planen feila totalt, men fotballinteressa fekk rot. Sidan har eg vore hekta.

Men det er eit problem med å vere jente og å like fotball.
Og det er at du er jente og liker fotball.


Problemet har fleire nyanser. For det fyrste blir du ikkje alltid teke seriøst som fotballsupporter. Skulle du vere så dum å lire av deg ein fjasette kommentar om at "de e ingenting som e så fint som våte, oppgitte mannfolk i fotballdrakt", har du effektivt fjerna all din kredibilitet.


Altså, la oss få sagt dette med ein gong; det er
himla mange pene menn som speler fotball. HIMLA mange pene menn. Dette er ikkje til å kome frå, stikke under ein stol eller unngå å oppdage. Barske menn som blir takla så dei sklir halve bana på langs, for så å reise seg opp att, børste av seg skiten og spele videre... det er sexy. Rett og slett. Fotballinteressert, ja. Men også streit kvinne med auge.

Og med fotballspelarar, som med andre pene menn, er eg av den oppfattninga at synet bør nytast så ofte som mogeleg. Om det ikkje var meininga at vi skulle sukke henført over menn, hadde ikkje Gud laga dei så vakre.
Problemet er berre at om du poengterer dette, tyder det automatisk at du ikkje ser kamp for kampen sin del, men for spelarane.

Det blir litt som å seie at du et sjokoladekake for glasuren sin del. Visst er Ville Jalasto kanskje noko av det mest sexy som har ikledd seg ei fotballdrakt, men alvorleg talt. Så enkel er eg faktisk ikkje. Det er som eg har forklart pappa opptil fleire gonger; pene spelarar er berre ein bonus. Er kampen keisam finn du alltids eit eller anna av interesse.

Eg er framleis like god på offside-regelen, på frispark, på formasjonar å alt det der. Litt dårleg på namn, men det er på generell basis.
Ser eg kamp så ser eg kamp, ikkje "pen mann i trang drakt". Og eg tviler på at menn som ser damefotball får dette stempelet.

Men her ligg og bakdelen med å vere jente og like fotball;
Fotballspelarar er pene.


Her skulle eg sagt at eg ALDRI har hatt ein favorittspeler som var favoritten min heilt eller delvis fordi han var kjekk. Men, eg skal vere så ærleg å innrømme at det ville vore lygn. Fyrste favorittspeleren min var David Beckham. Treng eg seie meir?


Det er ikkje til å unngå å bli litt betatt, fotballinteresse til trass. Og når du forelsker deg fortere enn vanleg folk dreg pusten, så ja... då er du litt sjanselaus når det dukker opp folk som David Beckham. Eg skulle skulda på tenåringshormon, men ja... det same skjedde då Mattias Nylund var i AaFK.

Å vere betatt av ein speler på favorittlaget sitt er ikkje noko problem i seg sjølv. Det gjer berre den timen med oppvarming litt mindre keisam ...
Problemet kjem når dei reiser. Og dei reiser, før eller sidan. Anten det er til ein ny klubb, tilbake der dei kom frå eller dei legg opp. Eg sakner framleis Lasse Olsen eg. Og Mattias Nylund. Og Phil Neville. Og Nicky Butt. Altså, ikkje sånn at eg legg meg ned å grin for det, men ja. Det er sikkert ei jente-greie, men du blir likom litt glad i sånne folk.

For tida er det Anders Lindegaard som lager trøbbel for meg, dog på ein litt anna måte. For Anders berre elsker eg, på ein helt platonisk og grei måte. Men med tanke på kor deppa eg var då han reiste i fjor, tør eg ikkje tenkje på korleis det blir når han ein reiser for godt ...

... om eg då ikkje får rett for andre gong, og han havner i Manchester United :)

tirsdag 4. mai 2010

9. runde - Good things come in small packages

Alle veker burde starte sånn...

AaFK - Start 2-0

Og gå rett frå ein megastressa deadline-mandag til ein 2-0 siger og gjeninntatt tabelltopp er absolutt å anbefale.

Kor byrjer eg? På ein dag der alle fortener skryt og klapp på skuldra og eigentleg ein kjempediger klem oppå toppen, verker det litt dårleg gjort å trekkje fram enkeltspelarar.
Som Fredrik Carlsen, som berre blir betre og betre og betre. Eller Pablo Herrerra, som parkerte Start i går. Og då han måtte ut til pause, kom Alexander Mathisen inn og gjorde nesten like god figur. Amund regjerte, Parr brillierte. Enar er 99% tilbake der han var, Ville no like solid i midtforsvaret som på kanten. Daniel, som alltid, bunnsolid. Tor Hogne eit konstant (dog godt påpassa) uromoment, Magnus alltid på løp.

Og når Khari Stephenson kom inn så
sprang han faktisk!

Dette var... dette var bra! Eg jubla så eg vakna med strekt muskel bak eine låret (trur det skjedde då Alex scora), og stemma mi var heilt kaputt i går.

Det let seg igrunn best illustrere med skjermdumpen av spelerpoenga mine:


Når vi er gode så er vi VERKLEG gode!

Men...

... torsdag venter Molde. Topp mot bunn, men ironisk nok i "feil" rekkefølge.

Eg har ikkje teke lett på ein einaste kamp i år, og eg har i alle fall ikkje tenkt å ta lett på Molde. Skadeskutte, og laber start på sesongen til trass; dette er eit oppgjer som lever sitt eige liv, uavhengiga av kvar laga ligg på tabellen, og kven av dei som ligg øverst og nederst.

Men det fine er at skulle vi tape mot Molde, og/eller neste mostander Odd, så er det ikkje krise. 9 serierunder og 20 poeng.

Ikkje rart sjølv Rekdal smiler...

Eg skal blogg skikkeleg


Eg lover. Eg klarer liksom ikkje å slå meg til ro med berre nokre linjer. Men det er seint, og jobb i morgon. Og eg må i alle fall gjere eit forsøk på å sove litt. Så eg seier berre to tin

1. VI E AAL'SUN - SERIELEDER!

2. ALLE GUTTA *klapp klapp klapp*
ALLE GUTTA *klapp klapp klapp*


søndag 2. mai 2010

Kryptiker

Det er somme ting ein berre vil synge ut om. Bla bla bla, fortelje ALT i håp om at nokon har eit synspunkt som kan setje det i eit perspektiv som verker logisk. At nokon kan seie noko som kan gi heile greia meining, eller løyse floken. Og med så mange lure folk som svirrer rundt på nettet, så burdet det jo vere ideellt å blogge slikt.

Men så var det berre det at internett er offentleg.

Så då må ein vere kryptisk. Skrive litt sånn uforståeleg utsvevande, bruke mange ord utan å eigenleg seie noko. Det får på ein måte ut frustrasjonen, sjølv om ein aller helst vil skrike ut "veit du ka da bla bla bla bla. Ka de bety???"

Eg byrjer å bli litt lei av dette problemet no ... eller, problem. At det er eit problem er mi eiga skuld, det er eg som aldri blir ferdig med det. Eg klarer berre ikkje å legge det frå meg. Same kva som skjer, same kor sikker eg blir på at eg kaster vekk tida mi. Hjartet har no ein gong si heilt eiga drivkraft, og den er det fint lite innehaveren får gjort med. At hovudet, og heile resten av kroppen, skjøner at dette aldri kjem til å bli noko, hjelp lite.

Nei, hjartet har bestemt seg for å vere vrang. Vil ikkje høyre på dei andre, går sin eigen veg... litt som innehaveren, berre at no er det berre irriterande. Det strider eigentleg mot all min logikk å sitere Victoria Beckham, men akkurat i dette tilfelle har ho sunge det best;

My heart's got a mind of its own, won't listen to a word I say. Doesn't it know that I get hurt too, when it acts that way?

Tenk om vi kunne samarbeida... då hadde alt gått så meget betre, både for meg og deg. Då kunne vi funne ei løysing som var gunstig for oss begge, utan at nokon av oss trengte å bli knust.

Av og til lurer eg på om hjartet har rett likevel. At det er så sta av ein grunn, at det er eg som eigentleg sit på bakbeina her. Men samstundes veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere for å innfri forventningane det har. Eg har trass alt prøvd det meste, utan videre hell og med veldig lite framgang.

Kven veit, kanskje ordner det seg til slutt. Kanskje får hjartet rett. Kanskje blir det som Sam i Love Actually seier;

But you know the thing about romance is people only get together right at the very end.

Har prøvd å styre unna "pene mannfolk"-blogging

Men alvorleg talt. Når du er så skjønn;


Og attpåtil heiter Skjønsberg, då må det jo berre poengterast

Har starta gå-på-fjellet sesongen

Starta i det små, men dog. Gjersetdalen, med godt selskap av god vennine og verdas skjønnaste to boffar








Skrivekløe og skrivesperre hand i hand

Eg skulle skrive noko i kveld ... natt. Eg kan rangle så lenge eg vil, det er laurdag og eg skal ingen stad i morgon. Så å sitje oppe heile natta og spinne på historier går heilt greit.

Diverre er ikkje hovudet mitt heilt med på notane.

Historiene er der dei. Eg har mange mange MANGE historier i hovudet, alle med ulik utvikling og innhald, ulike hovudpersonar og ulike sluttar. Dramatiske situasjoner, romantiske ord kviskra mjukt i øyret, oppheta kranglar, drap, mysterie, drama...

Det er sjølve forteljinga det skorter på. Orda vil ikkje ut, dei vil ikkje ned på papiret. Dei surrar rundt i hovudet heile dagen, heilt til eg sett meg ned med ein kopp te og litt god skrivemusikk. Og godt tid.

Då er dei borte, alle sammen. Søkk vekk. Eg hugser at eg hadde ein ide, eg hugser vagt kva den gjekk ut på. Men alt anna er borte. Eg vil skrive, men får det ikkje til.

Ein gong skal eg skrive noko. Noko som blir noko. Eg veit ikkje heilt kva enda, eg veit berre at eg går med alt for mykje i hovudet til at det ikkje skal vere
noko der som kan bli noko bra.

Men då må eg få med meg hovudet på laget. Då må det verke når eg har tid til det, og ikkje berre når eg skulle ha vore i seng for tre timar sidan...